Avslutningsfest og heimreise 9-10 mai 2024

 

På Voss er det for lengst vorte vår og grønne bakkar, og det betyr at me nærma oss skuleslutt. Ungdommen som kom til oss i haust, har mognast og skal no vidare på ferda. Dette vil me markera med å invitera familie eller vener, til vår avslutningsfest 9 mai. 

Av omsyn til plass, vil me oppmoda om at kvar elev ikkje inviterer med meir enn to gjester. Me har dessverre ikkje rom for overnattingsgjester på skulen.

 

Program torsdag 9. mai

Kl 14:00-16:00 Kaffi med noko attåt i Peisestova (alle)

Kl 16:00-17:15 Vitnemålsutdeling
Data, Data & Friluftsliv, Film &Foto, Musikk & friluftsliv og Musikkproduksjon (med gjester)

Kl 16:00-17:15 Festmiddag i matsalen Første bordsete
Idrett &friluftsliv, Ekstremsport og Ekstremsport Luft

Kl 17:30-18:45 Vitnemålsutdeling
Idrett &friluftsliv, Ekstremsport og Ekstremsport Luft (med gjester)

Kl 17:30-18:45 Festmiddag i matsalen Andre bordsete
Data, Data & Friluftsliv, Film &Foto, Musikk & friluftsliv og Musikkproduksjon

Kl 19:30 - 21:30 Festprogram i gymsalen (alle)

 

Program fredag 10. mai

Kl 08:00-10:00 Frukost (inkl. i påmelding)

 

10:00-12:00 Mingling og farvel på tunet

 

Velkomen!

Meld dykk på her: https://www.letsreg.com/no/event/vossfolkehogskule9mai2024#init