Hopp i det
Lær fallskjerm, vindtunnel, paragliding og skikøyring. Prøv skating, padling og klatring. Opplev meistring og eventyr, vennskap, natur og friluftsliv i telt og snøhule. Ekstremsport- og skibygda Voss!
Om linja: Ekstremsport luft
Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Ekstremsport Luft er for deg som vil bruke mest tid på å utforske luftsportane, men og køyre mykje på ski og prøve andre ekstremsportar. Å dele unike opplevingar i lag gir oss eit unikt samhald på linja.
Kast deg ut av eit fly eller helikopter, flyg ned ei fjellside eller flyg lengre og høgare med paraglider ...og ta lisensane til og gjere alt på eiga hand! Flyg mange timar i vindtunnelen. Prøv padling, skating, rappellering og klatring. Køyr endelaust pudder i Myrkdalen, og sving deg ned fjellsider i Voss Resort.
Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Nord-Europas største gondolbane ligg i gangavstand til skulen og Noregs største fallskjermsenter ligg ein sykkeltur unna!
Du og vennane dine er med og legg planar ut frå vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med, og du får fly massevis i løpet av året. Me stiller kvart år med fleire lag i NM i vindtunnel.
I tillegg til å bu i ekstremsportmekkaet Voss, får du oppleva ei fantastisk reise gjennom store deler av Europa. Du får oppleva Sognefjorden på sitt beste med padling, teltliv og naturopplevingar. Det blir toppturar i magiske Vossafjell og mange fine turar i områda rundt skulen sine fjellstølar!
Utstyret me bruker er av høgste kvalitet. Sjå komplett utstyrslister under.
Opplev draumane dine! Velkomen til Voss!
TikTok: https://www.tiktok.com/@vossfhsluft
Instagram: https://www.instagram.com/vossfhsluft/
Kven passar linja for?
Ekstremsport Luft passer for deg som er eventyrlysten, vil utfordra deg sjølv, har pågangsmot og godt humør. Linja passer best for erfarne skifolk, men krever ingen erfaring frå luftsport.
Dette vil du lære
• Alpin skikøyring
(Frikøyring, vidaregående teknikk og topptur mm)
• Fallskjermhopping
(minst 20 hopp og pakkekurs)
• Paragliding
• Vindtunnelflyging
(4-5 timar flytid - tilsvarar ca 3-400 fallskjermhopp)
• Havpadling
• Rappellering
• Skating
• Aktivt friluftsliv
• Snøhulebygging
• Snøskredlære
• Sikkerheit og risikovurdering
• Førstehjelp
• Aerodynamikk
• Meteorologi
• Reiseplanlegging
Om det passer og me får tid til overs, kan me til dømes få til innføring i klatring, kiting, elvepadling, surfing eller speedriding.
Våre forventninger til deg
- God fysisk form
- Høgt energinivå
- Høg grad av deltaking
- Sunne haldningar
- Oppmøte kvar dag
- Dugnadsvilje
- Gode skiferdigheitar - alpinski
- Krav til legeerklæring
- Maks vekt 95 kg
Tik tok: https://www.tiktok.com/@vossfhsluft
Instagram: http://instagram.com/vossfhsluft/
Utstyr
Dette utstyret får du låne av skulen
Fallskjerm | Fallskjermhjelm | Hoppdress | Paraglider | Paraglider-hjelm | Speedrider | Teleskopstavar | Elvekajakk | Havkajakk | Våtdrakt | Padlevest | Padlehjelm | Klatreutstyr | Skateboard | Skatehjelm | Skredsøker | Skredspade | Søkestang | Telt | Stormkjøkken
Noko av utstyret kan du kjøpe for ein god pris etter skuleåret.
Du får og eigen radio, førstehjelpsutstyr, fallskjerm-hanskar og fallskjermbriller som du får behalde etter skuleåret.
Dette utstyret må du stille med sjølv
- Turutstyr (ryggsekk, sovepose, liggeunderlag etc.)
- Turklede (vindtett og ullklede)
- Ski-klede
- Alpinski m/ gå-funksjon
- Ski-hjelm og ryggplate
- Sykkel
Skulen har gode innkjøpsavtalar på utstyr, og det går heilt fint å kjøpe brukt utstyr.
Obs! For paragliding, speedriding og fallskjerm må du ha medlemskap i Norges Luftsportforbund. Dette kostar rundt kr. 2000,- fram til det året du fyller 20 år og aukar noko etter du fyller 20 år. Dette må dekkast av elevane sjølv på grunn medlemsreglane til NIF.
Film
Sjå kva me gjer på denne linja