Kombiner data og friluftsliv!
Linja har venteliste for skuleåret 2022-23. Lær programmering, spel, animasjon mm. Skulen er i særstilling med sitt nærmiljø, midt i hjartet for ekstremsport i Noreg. Alpint i Voss Resort, fjell og hytteturar, vindtunnel og rafting! Fagturar i Noreg og USA eller alternativt reisemål.
Om Linja: Data og friluftsliv
På Data & Friluftsliv får du det beste av to verdenar! Skulen har lange tradisjonar innan begge områda. 1 km frå skulen til gondol som fraktar til fjells, gir moglegheiter for tallause opplevingar. Skulen har tilgang til fleire hytter i området. Lærarane våre har lang erfaring og spisskompetanse. Friluftsliv på Voss folkehøgskule er kjent for det gode læringsmiljøet sitt. Vi har fokus på samhald og meistring, her får du venner for livet. Både data- og friluftslivslinja er blant dei eldste av sitt slag, veldrivne av erfarne lærarar som har eit stort nettverk av tidlegare elevar og bransjefolk. Utforsk data samtidig som du nyttar det unike friluftslivet på Voss til fulle og får stå mykje på ski.
DATA
Karriere innan data? Du lærer og prøver ut dei viktigaste fagområda innan data, og blir godt rusta til å velje retning vidare. Du vil arbeide både breitt og djupt med data, og utvikle kompetanse og interesser innan ulike fagområde.
Fagområde: programmering, 3D/ VR, spel, motion graphics, web, mm. Vi fokuserer på fagleg og sosialt fellesskap. LAN, fagturar, prosjekt mm.
FRILUFTSLIV
Linja har eit perfekt utgangspunkt i den unike ski-, ekstremsports- og idrettsbygda Voss. Linja samarbeider med Voss Resort, Vindtunnelen og fleire andre.
Dette kombinert med svært erfarne lærarar, resulterer i veldig mange gode skuledagar i friluft. Kvar fredag er det valfag heile dagen.
Film
Sjå kva me gjer på denne linja