VFHS-Bratt-hvit

Bratt

NY LINJE skuleåret 2024-25 - Bratt

Brattlinja bruker mest tid på skikøyring, stisykling, kiting og padling. Me prøver klatring, rafting, fallskjerm og vindtunnel. Me lover meistring og vennskap i ekstremsport- og skibygda Voss!

 

Om linja:

Kvifor Bratt?

Voss folkehøgskule har Noregs mest spennande moglegheit for ski og ekstremsport. Bratt-linja er for deg som vil bruke tid på å utforske fleire ekstremsportar, køyre mykje på ski og leike deg i naturen på Voss. Å dele unike opplevingar i lag gir oss eit unikt samhald og gode vennskap på linja. Store opplevingar blir det garantert!

Køyr stisykkel, ski eller snowboard ned fra fjellet til skulen, prøv deg på skulens buldrevegg, prøv elvepadling i Europas beste elver! Prøv å fly i vindtunnelen. Lær kiting på Hardangervidda med læraren din, Caroline, som har vore verdsmeister i kiting. Køyr djup pudder i Myrkdalen og i Voss Resort. Du får årskort begge stader.

Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Nord-Europas største gondolbane ligg i gangavstand til skulen og her finn du sykkelløyper og skiløyper i verdsklasse!

Du og klassen er med og legg planar ut frå vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med.

Du får bu i ekstremsporteldoradoet Voss. Du får du oppleva ei fantastisk reise gjennom store deler av alpane og Europa. Du får oppleva Sognefjorden på sitt beste med padling, teltliv og naturopplevingar. Du får dra på turer i den fantastiske naturen Voss har å by på og du får mange gode opplevelsar rundt bålet, både med klassen og resten av skulen!

Etter eit fantastisk år med mange nye vennskap og store opplevingar, avslutter hele klassen med eit fallskjermhopp på Skydive Voss!

Lev draumen! Velkomen til Voss!

 

 

 

Kven passar linja for?

Bratt passer for deg som er eventyrlysten og vil utfordra deg sjølv. Du treng ingen erfaring frå før. Undervisninga legg me på ditt nivå og tilpassar di form.

 

Me har dyktige og engasjerte lærarar som lærer deg alt du treng om:

  • Alpin skikøyring/ snowboard (grunnteknikk, videregående teknikk, frikøyring mm)
  • Stisykling
  • Kiting
  • Elvepadling (våttkort)
  • Havpadling (våttkort)
  • Klatring (brattkort)
  • Buldring
  • Rappellering
  • Vindtunnelflyging (stor pakke)
  • Tandem fallskjermhopp
  • Rafting
  • Førstehjelp
  • Livredning
  • Friluftsliv

 

Mye mestring, venner for livet, gode erfaringer og syke opplevelser som ikke går i glemmeboka med det første. Folkehøgskole året utfordret meg på alt mulig sprell, men mest av alt lærte jeg å tørre å prøve selv om det virker skummelt. "Gønn på!!"

Eirin Bang Gjul, elev

Alpene og Europa

Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!

Me reiser gjerne gjennom 12 - 15 land, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, surfing og klatring.

Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men også å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.

Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha eller mindre stader i Slovenia, Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.

Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane er med å legge reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevingar er i fokus.

Me har valgt å reisa med tog og buss for å:

  • nå unike stader med kultur og begivenheiter me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise
  • ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil
  • kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været
  • kunne ha med nok utstyr
  • læra om å reise
  • reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly

Turen går dei siste vekene i mars.
Bli med oss på eventyr!

Havkajakk i Nærøyfjorden

Bli med oss på ei uforgløymeleg padletur i den fantastiske Nærøyfjorden, Noregs mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad! Me padlar havkajakk frå Gudvangen til Undredal og bur i telt fleire stader langs fjorden. På vegen kan me gå i land og gå fjellturar til gardane «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Bratte fjell som stupar ned i fjorden, krystallklart vatn, gamle gardar og spektakulære fossefall gjer denne turen unik, men det er samhaldet i klassen og dei fine opplevingane kring bålet som kanskje skapar dei beste minna.

Enten du er nybyrjar eller ein erfaren padlar, vil det bli ei lærerik oppleving.

Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur.

Bli med oss på ei fantastiske padleoppleving og skap minne som varar livet ut!

Følg oss på instagram

@VOSSFHS