Vel mellom 8 linjer
– Kreative linjer, musikk, frilufts- og ekstremsportlinjer! Her kan du bruke nokre av dei beste skibakkane i Nord-Europa, du kan spele inn musikken din i studio, lage LAN med resten av skulen, hoppe i fallskjerm, og mykje meir: Berre sjå!
Fjorårstreff
Invitasjon og påmelding finn du ved å trykke på linken.
Velkomen til oss på Voss!
Bli med på eit sosialt og lærerikt skuleår, fylt med utfordringar, meistring og opplevingar!
Voss folkehøgskule
Voss har varierte tilbud; fleire ulike linjer, 120 elevar og dyktige lærarar! Kreative linjer, musikk og frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig breidde og eit inkluderande miljø gjev ein unik miks av ungdom og vaksne. Vi held til i sentrum av aktivitets- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.
Våre verdiar
Voss folkehøgskule vil bidra til personleg utvikling og kompetanse til vaksenlivet – og vil gje deg:
- Fridom til å lære
- Høve til å prøve
- Rom til å utvikle deg
- Tid til fordjuping
Unike Voss!
Skulen er i særstilling med sitt nærmiljø, midt i hjartet for ekstremsport i Noreg. Voss har verdas største ekstremsportfestival, Ekstremsportveko og ein stor jazzfestival Vossa Jazz. 1km frå skulen til gondol som fraktar til fjells, gir unike moglegheiter for tallause ski-, friluftslivs- og luftsportsopplevingar.
Elev for livet
Skulen vår er godt kjent for kjekke festar for elevar, foreldre og fjorårselevar. Kvar juni er det treff for 5, 10, 30 og ja 40 års jubilantar! Føresette kjem til skulen til sin elev på starten av skuleåret, haustfest og avslutning. Her viser elevane fram innslag frå linjer og fellesfag og vi samlast til festmåltid. Hos oss blir du elev og del av eit sterkt fellesskap livet ut. Velkomen!
Fjorårstreff og treff for 2019-20 kullet
20. - 22. juni
Velkomen til mimring og kos med gode vener her på Voss Folkehøgskule!
Påmeldingsfrist er 7.juni
Velkommen tilbake til Voss folkehøgskule!
Elevstemne
Elevstemnet i år blir 27. - 29. mai. Stevnet er for kull som slutter på 2 eller 7. (f.eks 91/92 eller 06/07).