Vi er stolte over våre varierte valfag
Eksempel på valfag: Ekstremsport, stisykling, jogging, yoga, «skydive» innandørs i vindtunnel, massasje, buldring, snowboard, alpin action & art photo, photoshop, film, kunst, gitar/ukulele, sløyd, filosofi, historie, miljøvern topptur/offpiste.
Voss Folkehøgskule har valfag kvar fredag - heile dagen og 2 timar tirsdag. Du kan velje å prøve noko nytt eller fordjupe deg i meir linjerelaterte fag. Du vel valfag for hausten, og nye fag frå nyttår. I tillegg har vi kortare valfag på kveldstid som gjev variasjon. Etter jul har vi «skifag» for alle nivå, mange elevar vel dette. Du får mykje ut av dagen ettersom skulen ligg 1 km frå gondolen som tek deg til fjells i Voss Resort! Hos oss får alle skikort i Voss resort og vi tilbyr derfor fag i skianlegget. On- eller offpiste, topptur, alpin, snowboard. Heilt unikt for Voss folkehøgskule er valfag i vindtunnell, vi har Nord-Europas einaste vindtunnel på Voss. Her kan du flyge innandørs! Vi har stor fagleg breidde på skulen, dermed blir valfaga våre kjekke og varierte. Nokon valfag har lange tradisjonar på skulen – til dømes på ”Naturkjennskap” der vi lager smalahove! Eller kanskje du vil lære å ta gode bilete? Eller spele gitar? Tilbodet på valfag vil variere noko kvart år.
Vi har delt valfaga inn i fagkategoriar som inneheld ulike fag.
Les meir ved å trykkje på kategoriane under.
(PS: Med atterhald om endringar. Fagtilbodet kan variere.)