Idrett og friluftsliv
Opplev meistring og eventyr på fjellet eller i havgapet i lag med gode vener. Alpint og fri-køyring i dei to beste skisentra på Vestlandet. Varierte idrettar, brattkort, kiting, og jakt og fiske om du vil. Opplev Alpane frå aust til vest.
Er du klar for nye eventyr på Voss?
Om linja: Idrett og friluftsliv
Hjå oss får du mengder av aktivitetar og opplevingar som vil gje deg eit minnerikt skuleår. Me tør påstå at idretts- og friluftsbygda Voss er ein perfekt plass for linja vår – naturen og tilbodet i bygda innbyr til allsidig og spennande aktivitet like utanfor døra.
Me har fokus på det sosiale og tek oss tid til å nyte turen og ikkje minst naturen rundt oss. Turane våre er varierte, frå kjende attraksjonar til meir gøymde naturperler. Du vil læra masse uansett om du ikkje kan så mykje frå før, eller om du har mykje erfaring. Du vil få utfordringar, oppleve meistring og ikkje minst få eit flott samhald med turkameratane dine. Det blir lange samtalar kring bålet, overnatting i telt, hengekøye, snøhole og under åpen himmel.
I idrettsdelen vil du møte både kjende og nye aktivitetar. Du får testa spenst, styrke og kondisjon. Fokus er sunn idrettsglede og gleda over å vera i rørsle. Skulen har gymsal og nytt styrkerom og me nyttar i tillegg bygdas idrettshallar og basseng.
Linja har fokus på meistring, glede og læring. Du vil lære å ta gode valg for å ferdast i naturen under alle forhold. Du vil lære å glede deg over aktivitet saman med andre og du vil lære å arrangere aktivitet for andre. Linja er ideell både for deg som ønskjer å studere idrett eller friluftsliv vidare eller for deg som ønskjer å dyrke hobbyen din eit år.
Velkomen til eit aktivt og lærerikt år med gode opplevingar!
Våre kjerneaktivitetar:
Fjelltur
Bli med på dei beste turane i fjord- og fjellandskapet på Vestlandet. Vandring i vossafjella byr på fantastisk utsikt og naturopplevingar. Me går til Breiskrednosi og andre turmål i det kjende verdsarvområdet Nærøyfjorden. Du lærer bruk av kart og kompass og å bli glad i naturen.
Alpint og snowboard
Skulen ligg 1000 meter fra Nord-Europas største gondolbane som tek deg opp til alpinanlegget i Voss Resort på få minutt – her har vi sesongkort og står på alpinski og snowboard både i og utanfor løyper. Etter ein halvtimes køyretur er vi i skisenteret Myrkdalen – eit eldorado for frikøyring.
Fjellski/Topptur
Voss og områda omkring har spektakulære fjell og flott skiterreng. Vi bruker hovudsakleg fjellski på overnattingsturar. På enkelte av dagsturane våre kan du bruke randonnée-ski om du har.
Klatring
Klatring gir høve til å føle glede og meistring i bratt terreng. Kjensla av høgde kombinert med den fysiske og mentale utfordringa krevjer at ein er konsentrert og løysingsorientert. Klatring er difor ein glimrande måte å tømme hovudet for alt anna og berre vere til stades i si eiga klatring.
Idrett
Sunn idrettsglede og allsidig aktivitet er vårt fokus. Vi er innom ei rekke idrettar og aktivitetar som til dømes: Fotball, handball, volleyball, innebandy, badminton, svømming, turn, dans, skyting, kampsport, styrke og uthaldenheitstrening. Nokre idrettar set vi av meir tid på, som til dømes langrenn i skianlegget. Andre idrettar har vi ein dag, som til dømes kampsport.
Dersom du ønskjer, får du høve til å ta skiinstruktørkurs hjå oss. Det gir høve til kvelds- og helgejobb i to av skisentra ‘våre’.
Kystfriluftsliv
Vi reiser ut «der ingen skulle tru», ei lita øy ytterst i Sognefjorden i Solund kommune. Her lærer du å sløye og filetere fisk, padle kajakk, ro, sette garn og tilberede mat. Kan hende får du nærkontakt med ørn og nise?
Kiting
Vi er ikkje langt unna Nord-Europas beste ski-kite destinasjon. Vi legg opp til kite-kurs på Hardangervidda.
Jakt - frivillig
Skulen eig seks hagler som vi bruker på jakt. Hjå oss får du høve til å ta jegerprøve og til å gå på jakt med ein erfaren jeger. Etter ferdig opplæringsjakt kan du få høve til å gå på rypejakt med klassekameratar i Vossafjella på fritida.
Aktivitetar og læring:
Kart, kompass, skredkunnskap og trygge vegvalg
Kiting på Hardangervidda
Utvikle skiferdigheiter i og utanfor skibakken. Vi har sesongkort.
Leik og trening i Vossabadet
Fjellturar haust, vinter og vår
Segling, fisking og roing
Prøv deg på klatring
Fang fisk med hendene
Ta skiinstruktørutdanning i alpint (valfritt)
Jegerprøve og småviltjakt (valfritt)
Overnatting i telt, snøhôle og iglo, solo-døgn ute
Ulike innandørsidrettar og trening på skulen sitt eige treningsstudio
Linja passar for deg som vil prøve mykje variert, du som er glad i idrett og som vil bygge kompetanse på friluftsliv. Du som likar nye utfordringar og kosar deg med kveldsbålet, fiskestonga, lagspel og samhandling.
Film
Sjå kva me gjer på denne linja