Seniorsløyd

Voss Folkehøgskule har eit dagtilbod til alle som liker å gjere ting med nevane. Seniorsløyden er spesielt retta inn mot trefaga. Sløyden er godt utrusta med 20 benker, maskinrom, handverktøy, tekjøkken og langbord. Lærarane har røynsle innan tradisjonelle teknikkar, og mykje av arbeidet vil ta utgangspunkt i dette.

Tradisjonar

Voss er rik på tradisjonar innan mat, handverk, kultur og anna. Med utgangspunkt i eigne og andre sine erfaringar har vi tema kring dette. Dei seinare åra har vi drive med grindbygging, bakst, smalahovesviing, fiskeforedling, museumsbesøk m.m.

Ulike teknikkar

Her er ei liste over tema og teknikkar vi kan tilby innan trefaga:
lagging, sveiping, utholing, ulike samanføyingar, tre dreiing, verktøylære, overflatebehandling, dekorteknikkar som karveskurd, kolrosing og akantus.
Treng du hjelp i arbeidet, får du det like ofte frå medelevar som frå lærarane.

Langbordet

Kvar morgon er det samling rundt langbordet. Aktuelle tema vert lufta, og vi legg planar for dagen. Vi fortel gode historier og har høgtlesing frå ulike delar av den norske kulturskatten. Latteren ligg på lur. Vi har eit triveleg og inkluderande miljø. Dei fleste av elevane er godt vaksne og nyttar tilbodet til å ha ein aktiv pensjonistkvardag.

Undervisninga

Lokala er opne
09.00–14.00   måndag–torsdag
09.00–13.00   fredag
Det er undervisning måndag – onsdag, men mogelegheit til å bruke lokala heile veka.

Skuleåret følgjer skuleruta til folkehøgskulen.

Forkunnskapar

Du treng ingen forkunnskapar i trefaga. Dei fleste elevane vi har no, har komme hit utan å ha hatt tresløyd sidan skuledagane. Det du treng, er ei open innstilling og litt pågangsmot.

Kostnader

Kvar elev betaler skulepengar som går til undervisning/rettleiing, forbruksmateriell og drift. Eit heilt år kostar 10.000 kroner - og faktureres med kl 5.000 per halvår.  Materialkostnader til det ein produserer, kjem i tillegg og vil variere.

Framleis nokre få ledige plassar

Kan du tenkje deg å vere med på seniorsløyden? – eller lurer du på noko?
Ring Voss Folkehøgskule (tlf. 5652 9040),
eller send ein e-post til post@voss.fhs.no