Om Voss Folkehøgskule
Velkomen til eit sosialt og lærerikt år, fylt med utfordringar, meistring og opplevingar!
Voss folkehøgskule ligg idyllisk og sentralt til i bygda Voss, spegla i Vangsvatnet og omkransa av majestetiske fjell. Med gangavstand til alt du treng, er Voss ein perfekt plass for ein aktiv og kreativ folkehøgskule!
Skulen har ein stolt tradisjon heilt tilbake til 1895, og har ein unik bygningsmasse som har vakse seg gradvis større med tida. Men, me driv stadig med oppussing og oppgraderingar, og har attraktive og oppdaterte undervisningsrom. Tre store lydstudio, eigen kinosal, stor peisestove med biljard- og bordtennisbord, TV-stove, ny stor styrketreningsavdeling, gymsal med buldrevegg og eigne skiprepperom - for å nemne noko.
I tillegg brukar me fasilitetane og tilboda lokalt, som kulturhuset, det heilt nye Vossabadet med tre basseng og stupebasseng, idrettsanlegg, skianlegg og Noregs einaste vindtunnel. Alle elevar får prøve vindtunnelen i løpet av året - uansett linje!
Me er den folkehøgskulen i Noreg som ligg nærast eit skianlegg, med gåavstand til Voss resort. Her får alle elevar årskort og kan ta gondolen rett til fjells! I tillegg ligg super-snøsikre Myrkdalen berre 35 min unna.
På Voss finn du Ekstremsportveko, Vossajazz, Osafestivalen, Smalahovefestivalen - i tillegg til mange idrettsarrangement. Voss fhs er aktivt med på fleire av desse festivalane.
Skulen ligg i gangavstand til Voss sentrum med mange butikkar, kulturhus og offentleg transport. Les meir om Voss her.
Mål og verdiar
Våre sentrale verdiar er glede, openheit, undring og tryggleik:
Me legg til rette for glede som varer livet ut. Me tilbyr trygge aktivitetar på datarom, i studio, i elva, i lufta og i pudderet vi har så mykje av. Me undrar oss om verda, om smått og stort i livet og i faget, og me er opne og ærlege med og for kvarandre.
Glede
Openheit
Undring
Tryggleik
Dette står vi for
Voss folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. For oss betyr det at me er fordomsfrie og tolerante i møte med alle menneske.
Den store variasjonen vår i linjer og valfag gir eit kreativt og aktivt miljø, med elevar med ulik bakgrunn frå heile landet. Saman skaper me eit unikt fellesskap der me kan dele opplevingar, meistring og vennskap. Det gir stort rom for personleg vekst. Ei investering for resten av livet!
Våre mål
- Arbeide for fellesskap i eit trygt miljø
- Hjelpe elevane til auka sjølvinnsikt og personleg vekst
- Legge til rette for skapande prosessar
- Fremje toleranse og respekt for menneske og natur
- Førebu elevane på vaksenrolla