Ekstremsport
Linja er fullteikne for skuleåret 2022-23. Eit år med leik og utfordring i Ekstremsport- og Skibygda Voss! Lær elvepadling, topptur/ frikjøring og skredlære. Ta brattkort i klatring og "spot" kvarandre på buldring, prøv luftsport, padlebrett og fossevandring med stegjern. Studietur til Slovenia.
Få sterke opplevingar, vennskap og ansvar på ekskursjonar. Kjenn naturkreftene på kroppen og avslutt dagen rundt bålet.
Om linja: Ekstremsport
Eit år med leik og læring i "Elvepadlingas Mekka"; Ekstremsport- og skibygda Voss! 1 km til gondol som tek deg til fjells gjev tallause opplevingar.
Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Linja Ekstremsport er for deg som vil bruke mest tid på elvepadling og frikøyring, men som også vil prøve buldring og klatring, fallskjerm (tandem) og tileigne deg ferdigheiter og erfaring i friluftsliv.
Prøv vindtunnel, rappellering og fjordpadling. Test bålferdigheiter og mental styrke på “Solodøgn”. Køyr i djup pudder i dei to skianlegga på Voss eller i urørte fjellsider du sjølv har teke deg opp på.
Ekstremsportbygda Voss har unike føresetnader for slik aktivitet. Du og vennene dine er med på å legge planar i forhold til vassføring i elv, skredfare, vêr og ferdigheit både som enkeltperson og gruppe. Vårt mål er at du skal utvikla deg, byggje kompetanse og bli sikker i sportane vi driv med.
Nokre av høgdepunkta:
- To heile linjeveker med elvepadling i tillegg til linjedagar haust og vår
- Nærøyfjorden - Fjordpadling, teltliv og naturopplevingar
- “Toppturveko" - Topptur med basecamp i telt i magiske Jordalen
- Solodøgn
- Utanlandstur - Ekstremsportslandsbyen Bovec under alpane i Slovenia. Elvepadling, grottevandring/klatring, stisykling og Balkansk historie/kultur.
- ...og mange fine turar i områda rundt Voss og på skulen sin støl!
Film
Sjå kva me gjer på denne linja