Karriere innan data?
Lær og prøv ut dei viktigaste områda innan data: programmering, datasikkerheit, grafisk design, 3D/VR, spel og animasjon. Bransjeretta. Fagturar i Noreg og til USA eller alternativt reisemål.
Om linja: Data
Finn ut om karriere innan data er for deg! Du lærer og prøver ut fagområda, og blir godt rusta til å velge vidare studie. Du vil arbeide både breitt og djupt med data, og utvikle kompetanse og interesser innan ulike fagområde. Du får jobbe i prosjekt på det du interesserer deg for fagleg.
Vi vil lære, trivast og ha det kjekt saman! Du kan gle deg til “å leike” med andre datainteresserte. Du får opplevingar som hjelper deg å bestemme vegen vidare. Du vil oppleve verdas episenter for IKT, nemleg Silicon Valley i USA! Dit skal vi. Her besøker vi verdas største IKT-selskap som Google og Intel!
Vi drar også til LA og Hollywood, samt små surfebyar langs Stillehavet. Du blir del av eit pulserande miljø, og utviklar deg dit du vil. Linja hentar impulsar frå og samarbeider med dei andre kreative linjene på skulen: Film & Foto linja og Musikklinja.
Linja er som ei av dei eldste av sitt slag veldriven av erfarne lærarar, og har eit stort nettverk av tidlegare elevar og bransjefolk.
Film
Sjå kva me gjer på denne linja