Over 30 varierte, unike og kjekke valfag

Gled deg til varierte, unike og kjekke valfag utan press og stress.  Dette er ditt år!

 

Vi har stor fagleg breidde på skulen, og lærarar med lang erfaring. Dermed blir valfaga våre kjekke og varierte. Våre valfag gir deg moglegheita til å forme året slik du vil.

Hos oss får alle elevar årskort i Voss resort, og valfag i skianlegget om dei vil. Piste, offpiste, topptur, alpin, snowboard og langrenn. Kun 1 km frå skulen!
Heilt unikt for Voss folkehøgskule er valfag i vindtunnelen på Voss.

 

Med over 30 valfag er det heilt sikkert at du finn «dine» fag.  Vi veit mange vil prøve  nye ting  i tillegg til linja! 

 

Lær å padle rett nedom skulen i skulens kajakkar, prøv ekstremsport i trygge rammer, utfald deg i vår kreative avdeling med verkstader og sløyd, spel ilag med andre på band eller ballspel, ver i takt med naturen på naturkjennskap, finn din beat i vårt studio, lær yoga eller pilates med sertifisert lærar, stress ned med massasje, meditasjon eller strikking. Vinterovernatting, isbading, re-design, fallskjermkurs, brettspel - og mykje meir!

Det er ein heil skuledag og ein halv skuledagdag med valfag på timeplanen. I tillegg har vi prosjektvalfag. Du vel valfag for haust- og vårsemesteret. Valfagstilbodet vil variere litt frå år til år.

Les meir om fleire av valfaga her: