Utlysing av stilling som rektor på Voss folkehøgskule

 

Er du ein leiar som ser etter det positive i unge menneske? Ønskjer du å sette ditt preg på eit skulemiljø som gir elever ein god start på vaksenlivet?

Vår noverande rektor går over i stilling som rektor på Voss ungdomsskule, og me søkjer difor etter ny rektor i 100% stilling.

Voss folkehøgskule er ein frilynt skule eigd av Stiftinga Voss folkehøgskule, med ei 125 år lang historie, der tradisjon og nyskaping står side om side. Staden er bygd på ein vakker gammal gard som ligg flott til, like utanfor sentrum av kultur-, ski- og ekstremsportbygda Voss. Skulen er i god vekst, me har høge søkjartal og trygg økonomi.

I år har me 125 elevar på internatet, fordelt på åtte spanande liner. Fagtilbodet er variert og speiler staden Voss sine styrker, med mellom anna friluftsliv, ekstremsport, musikk, data og fleire kreative fag. Me har eit godt skulemiljø med engasjerte og motiverte elever. Skulen har utleigevirksomhet om somaren.

Rektor har ein variert kvardag, med ansvar for elevane og det pedagogiske opplegget, for personale, drift og utvikling. Rektor har også noko undervisning. Skuleåret er intensivt med arbeid både kveldar og i helger, og med fine turar og opplevingar saman med elevar og personale.

 

Me søkjer deg som:

  • Har utdanning på høgskulenivå og pedagogisk utdanning
  • Har erfaring som leiar, gjerne frå folkehøgskule
  • Er ein tydeleg og involverande leiar med gjennomføringskraft
  • Identifiserer deg med folkehøgskulen sitt idégrunnlag, er glad i ungdom og har eit tolerant og raust menneskesyn
  • Legg vekt på positiv pedagogisk utvikling, skuleutvikling og god samhandling
  • Set elevane si læring og utvikling i sentrum for skulens arbeid
  • Har god forståing for økonomistyring, sakshandsaming og lov- og avtaleverket
  • Er positiv til bærekraftig utvikling
  • Er ein pådrivar og motivator med godt humør!

Me kan tilby:

  • Ein utfordrande og spanande jobb
  • Eit arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikringsordningar
  • Gode pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse

 

Stillinga er ledig frå 1. februar, men me har moglegheit til å være fleksible med tanke på dato for tiltreding. Det er krav om politiattest til stillinga.

 

Nærare informasjon: rektor Claus Røynesdal 934 62 344, eller styreleiar Unn Fauskanger 918 02 952.

 

Send søknad med CV til Stiftinga Voss Folkehøgskule, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan 1. desember 2019.

 

Me ser fram til å høyre frå deg!

 

skulen2