Ledig stilling som assisterande rektor på Voss folkehøgskule
Voss folkehøgskule er ein frilynt skule eigd av Stiftinga Voss folkehøgskule. Skulen har ei 130 år lang historie der tradisjon og nyskaping går side om side. Skuletunet er bygd på ein vakker gamal gard som ligg idyllisk til ved Vangsvatnet, like utanfor sentrum av kultur, ski-og ekstremsportbygda Voss. Me har eit variert læringstilbod med høgt fokus på personleg utvikling og kreativ utforsking.
Vil du bli vår nye assisterande rektor?
Stillinga som assisterande rektor byd på spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Som rektor sin næraste medarbeidar, og stedfortredar, er du aktivt med i leiinga av skulen og den pedagogiske utviklinga av skuletilbodet.
Me ynskjer ein inkluderande og tydeleg person, som bidreg til samhald og trivsel mellom elevar, og mellom elevar og tilsette. Du må vera oppteken av å byggja gode og trygge læringsmiljø, som kan fremja danningsideala i folkehøgskulen.
Dine arbeidsoppgåver vil være
- Planlegging og organisering av skuleåret.
- Oppgåver knytt til marknadsføring
- Undervisning etter kompetanse og behov
- Skuleadministrative oppgåver etter behov
Me ser etter deg som
- Evner å arbeide strukturert og systematisk
- Har omstillingsevne og ynskjer å bidra til å vidareutvikle skulen
- Evner å arbeide etter strategiske planar og målsetjingar
- Har god arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Har forståing for drift og økonomi
- Har god munnleg og skriftleg evne til formidling
Du har
- relevant utdanning på høgskulenivå innan pedagogikk, leiing, marknadsføring eller andre
relevante felt. - Leiarerfaring, gjerne frå folkehøgskolen.
Stillinga er ledig frå 1.august 2025, og er 100%, delt mellom undervisning og leiing/administrasjon etter behov og din kompetanse.
Me kan tilby ein unik og variert jobb i lag med engasjerte og dyktige medarbeidarar.
Løn etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.
Livet er herleg, gje gass og søk!
Søknadsfrist: 23. mars 2025
Kontaktinformasjon
For nærare informasjon om stillinga, kontakt Trond Lekve, tlf 41793685.
Slik søkjer du
Send søknad, CV og relevante vedlegg via finn.no.