Prisar skuleåret 2026-27

Priskalkulator

Priskalkulator

Velg ei linje

37 000 kr
30 000 kr
35 000 kr
30 000 kr
44 500 kr
34 000 kr
52 500 kr
44 900 kr
79 300 kr

Tilleggsval

+7 000 kr
+5 500 kr
+2 750 kr
+2 500 kr
+1 500 kr

Støtte frå Lånekassen

155 000 kr

Totalkostnad

141 250 kr

med atterhald om endringar

Forklaring

Felles kostnadar for alle elevar

Grunnbeløpet dekker vanleg kost og losji + fellesturar og festar, Årskort Voss Gondol og Resort, vindtunnellflyging i Voss Vind, vaskemaskin, Adobe Create Cloud grunnlisens, leige av ein del utstyr, gjesteforelesarar, skulegensar, dei aller fleste valfaga, skulen sitt treningsstudio og gymsal, etc

Eigne prisar for halvårskurs, prisar over er for heilårskurs. 

 

Betaling ved avbrudd

Dersom du seier frå deg plassen etter 1. august eller sluttar i skuleåret, uansett årsak, må du betala skulepengar i 6 veker frå sluttdato/oppsigelsesdato. Vi reknar dette ut frå grunnbeløpet og eventuelt påkomne linje-og fagkostnader.

Linjeprisar 

Prisane inkluderer utenlandstur og andre turar på linja  (med atterhald om endringar).

TilleggskostnadaR

For andre krevjande diettar kan det tilkomme ekstra kostnad. Eigne avtaler vert gjort. 

Andre tilleggskostnadar

Andre tilleggskostnader kan vera til dømes valfag innan ekstremsport og vindtunnelflyging i Voss Vind. 

Lommepengar treng du både på Voss og på reise til utlandet og ellers.

Leie sykkel 1 500 kr per år. Ved fast parking av bil ein tilkomme kostnad.

Finansiering

LÅNEKASSEN

Sidan folkehøgskule er godkjent av Statens Lånekasse, gjev Lånekassen fullt lån og stipend. 60 prosent av denne summen er lån, og 40 prosent er lån som kan bli gjort om til stipend når du får godkjent året ditt på folkehøgskule.

Det er mogleg å søkje om å få berre den delen av støtta/basislånet som kan bli gjort om til stipend. Du kan då få utbetalt inntil 40 prosent av basislånet. I så fall vel du «Berre lån som kan bli til stipend» når du er inne på søknadsskjemaet til Lånekassen.

For å få gjort om lån til stipend kan du ikkje ha udokumentert fråvær som overstig 10 prosent.

Studium ved universitet og godkjende høgskular gir deg rett til støtte frå Lånekassen til å ta 480 studiepoeng. Det tilsvarar åtte år med fulltidsstudium. Året på folkehøgskule tel som eitt av desse åra.

Søknadsprosess hjå Lånekassen

Lånekassen behandlar søknaden straks han er sendt inn, men utbetalinga startar ikkje før du har møtt opp på første skuledag.

Du må ha fått skuleplass før du søkjer, og du kan tidlegast søkje frå midten av mai.

Lånet frå Lånekassen er rentefritt medan du går på folkehøgskule, og òg dersom du går vidare på universitet eller høgskule. Du startar først å betale tilbake på lånet når du er ferdig med utdanninga di.

Søk om lån og stipend frå Lånekassen

Andre stipend for norske statsborgarar

Det finst enkelte kommunale og fylkeskommunale stipend du kan søkje på. Desse finn du informasjon om i Stipend- og legathandboka, eller ved å kontakte heimkommunen og heimfylket ditt.

Andre fordelar med å gå på Voss folkehøgskule

  • Årskort i Voss resort og gondol

    Verdi 8 950 kr

  • Full Adobe-pakke til alle elevar

    Verdi 11 880 kr

  • Gratis treningssenter på skulen

    Verdi ca. 3 500 kr

  • Rabatt på skandinavisk høyfjellsutstyr

    15% rabatt heile året, i tillegg til kundekvelder med gode rabattar opptil 50%

  • Billigare inngang på vossabadet

    Betal 65 kr istadenfor 110 kr

  • Fri bruk av skulens hytte

    Ligg ved sida av dagsturhytta på Klepp (Hangurstoppen)

  • Tilgong til skulens utstyr utanom skuledagen

    Friluftslivutstyr, kajakkar, SUP, musikkinstrument, MAC-labar, skiutstyr mm.

  • Microsoft-pakke for studentar

    Nettbaserte versjonar (web-versjonar) av kjerne Office-apparata: Word, Excel, PowerPoint og OneNote.