Litt om skulen

Voss Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. Skulen ble opprettet i 1895. Voss Folkehøgskole eigast av ein eigen stiftelse, og tar årleg imot opptil 126 elevar, fordelt på 9 linjer.

Skulen ligg vakkert til, midt i smørauget av ekstremsport- og kulturbygda Voss. Omkransa av fjell speglar skulen seg i Vangsvatnet, berre 10 minutters gange frå Voss sentrum med alt bygda har å by på. Ein perfekt stad for ein folkehøgskule!

Skulen vart grunnlagt i 1895 av Lars Eskeland, men ideen om å starte ein folkehøgskule på Voss kom i 1887 då Bjørnstjerne Bjørnson var på besøk. Ei gruppe unge menneske hylla diktaren ved å synge «Ja, vi elsker» utanfor Fleischer's hotel, der han budde. Bjørnson spurte i den anledning dei unge om det var ein folkehøgskule i bygda. Då svaret var nei, uttalte han: «Ungdom på Voss. Det er mit ønske at det på Voss må bli reist en folkehøiskole.»

Under den andre verdskrigen vart delar av folkehøgskulen teken i bruk som sjukehus. Dette vara ved heilt til midt på 1950-talet då Fylkessjukehuset på Voss stod ferdig.

Skulens ideologi var inspirert av Nikolai Frederik Severin Grundtvigs idé om folkehøgskuler.

Velkomen til gards!

Garden på Seim var opprinnelig nytta som futagard. Her satt fogden (embetsmann) som krav inn skatter og bøter på vegne av kongen. Kring århundreskiftet var det slutt på futeskipnaden, og folkehøgskulen flytta inn på den gamle garden med ungdommar frå fjernt og nært. Garden blei driven godt med både dyr og dyrking.

Blant dei som har gått her er diktar Tarjei Vesaas og artist Odd Nordstoga.

Oversikt

1 - Oppigard (matsal på toppen)

2 - Miklagard (klasserom)

3 - Nedigard (samlingssal, internat og klasserom)

4 - Gymsal, treningsrom og sløydsal

5 - Futagard (administrasjon og kontor)

6 - Midtgard (internat)

7 - Låven (lager og klasserom)

8 - Stabbur (samlingsrom og lager)

9 - Sykkelstall

10 - Verkstad

11 - Jomsborg (internat)

Kom gjerne innom for ein kopp kaffi!

Eskelandsvegen 28, 5704 Voss

Kontortid
Måndag–Fredag
08:00–16:00

Telefon
565 29 040

 

Kva finst på skulen?

Fire internat

Midtgard, Jomsborg, Nedigard og Oppigard

Styrkerom

Overraskande stort styrkerom. Du treng ikkje medlemskap på treningssenter!

Musikkstudio

Største mellom Oslo og Bergen

Kinosal

Add your pricing strategy. Be sure to include important details like value, length of service, and why it’s unique.

Datarom

Sosial gaming på kveldstid <3

Sløydsal

Ein profesjonell sløydsal med alt du kan tenke deg av utstyr for treskjæring og møbelsnekring.

Gymsal

Eigne rom for alle linjene

Datarom

Sosial gaming på kveldstid <3

TV-stove med biljard

Ein profesjonell sløydsal med alt du kan tenke deg av utstyr for treskjæring og møbelsnekring.

Bordtennisrom

Eigne rom for alle linjene

Elevkjøkken

Største mellom Oslo og Bergen

Undervisningsrom

Matsal

Frilynt folkehøgskule

Voss folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. For oss betyr det at me er fordomsfrie og tolerante i møte med alle menneske.

I det legg me at me lovar:

  • At me legg til rette for personleg vekst for unge menneske ved å la dei finne glede og meistring i fag og i fellesskapet. 

  • At me har stor fagleg breidde med høgt nivå, og tilbyr trygge aktivitetar.

  • At me set av tid til å undre oss, om smått og stort i livet og i faga. Me er opne og ærlege i møte med alle elevar, og lar alle få ein sjanse.