Året på Voss vart eit ”lære for livet”-år,

eit av mine beste! 

 - Odd Nordstoga, tidlegare elev

Valfag

Voss har varierte valfag, ca 30 totalt. Her kan du prøve noko heilt nytt, eller fordjupe deg i ting du alt har interesse for. Heile fredag er sett av til valfag - tid til å fordjupe seg! I tillegg har me valfag før lunsj på tysdagar. Du vel 2 - 4 valfag for eitt semester av gangen.

Kva seier tidlegare elevar?

IMG_6956

Voss har varierte tilbud; fleire ulike linjer, 120 elevar og dyktige lærarar! Kreative linjer, musikk og frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig breidde og eit inkluderande miljø gjev ein unik miks av ungdom og vaksne. Me held til i sentrum av aktivitets- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.

adfec48e9010af1fefe3d7f7a6474d99_1900

Våre sentrale verdiar er glede, openheit, undring og tryggleik:

Me legg til rette for glede som varer livet ut. Me tilbyr trygge aktivitetar på datarom, i studio, i elva, i lufta og i pudderet vi har så mykje av. Me undrar oss om verda, om smått og stort i livet og i faget, og me er opne og ærlege med og for kvarandre.

Voss-FHS

Skulen er i særstilling med sitt nærmiljø, midt i hjartet for ekstremsport i Noreg. Voss har verdas største ekstremsportfestival, Ekstremsportveko og ein stor jazzfestival Vossa Jazz. 1km frå skulen til gondol som fraktar til fjells, gir unike moglegheiter for tallause ski-, friluftslivs- og luftsportsopplevingar.