Ekstremsport

EKSTREMSPORT

Ekstremsport

Bli med på eit år med utfordringar og meistring i Ekstremsportbygda Voss! Fordjup deg i elvepadling og skikøyring, og få venner og ferdigheiter for livet. Studietur til "Smaragdelva" Soča i Slovenia!

Her får du prøva ulike aktivitetar òg tid til å fordjupa deg og bli sjølvstendig utøvar!

 

 

Forutan dei to hovudaktivitetane våre, elvepadling og ski, skal me prøve aktivitetar som klatring, isklatring,  vindtunnel, havkajakk,  SUP og friluftsliv. Mogelegheit for sertifisering i fleire av dei.

Under slagordet «move well, eat well, think well» lærer du om funksjonell trening, ernæring/matlaging og ulike mentale teknikkar for å ha det bra i kvardagen og kunne yte meir når det trengs.

 

Voss er internasjonalt kjent som elvepadlingens Mekka!

Om vinteren kan du boltre deg Voss Resort, Myrkdalen Skisenter og fjella rundt Voss. Frå skulen er det gåavstand til gondolen som tek deg rett opp i skisenteret.

På Voss Folkehøgskule har me ubegrensa skimogelegheiter!

For å ivareta tryggleiken i aktivitetane, er me ein liten klasse på Ekstremsportlinja. Klassen består av maks 12 elevar, noko som betyr at du vil få mykje personleg oppfølging og blir godt kjent med klassekameratane.

Nokre av høgdepunkta:

  • Linjeveker med elvepadling i tillegg til linjedagar haust og vår
  • Solo/overlevelsesdøgn
  • Toppturveko - Topptur med basecamp i telt
  • Nærøyfjorden - Padling, teltliv og fjelltur i UNESCO verdsarvområde
  • Studietur til Bovec i Slovenia
  • Mat på tur 🙂

 

Kven passar linja for?

Du som er lysten på nye erfaringar og vil utfordre deg sjølv og jobbe for å få kunnskap og ferdigheiter. Du må ha erfaring frå alpinski, men treng ikkje forkunnskap om padling eller klatring.

Ekstremsportlinja krev ingen forkunnskapar i padling, men du må ha erfaring med skikøyring (alpint) til toppturane. Elevane startar med ganske like føresetnader, og du vil få rom og tid til å utvikla ferdigheitene dine i ditt eige tempo.

 

Dette vil du lære:

  • Elvepadling - NPF Våttkort (utvida grunnkurs og tryggleikskurs)
  • Alpint - Frikøyring og topptur
  • Snøskredlære
  • Klatring/buldring - NKF Brattkort
  • Havpadling - NPF Grunnkurs
  • Vindtunnel - Grunnkurs med moglegheiter for meir
  • Elveredning
  • Synfaring og "lesing" av elv
  • Tryggleik og risikovurdering
  • Førstehjelp
  • Turplanlegging
  • Friluftsliv
  • Vinterfriluftsliv
  • Ernæring i evolusjonært perspektiv
  • Funksjonell trening
  • Mental trening

Ekstremsport er fremdeles det beste året jeg har hatt etter videregående. Jeg fikk testa egne grenser og oppleve mestringsfølelse, uten andre forutsetninger enn å være nysgjerrig og eventyrlysten. Det la grunnlaget for tiden etter folkehøgskolen.

- Ane Lindskog, elev

Alpane & Slovenia: Padling, grotter, sykling

Til våren, etter ein lang skisesong, reiser me til dei Austre Alpane i Slovenia og padlar "resirkulert snø" i smaragd-elva Soca. Sykkeltur, grottevandring og Balkansk kultur og elvevern er også på menyen.

I 2017 vart Slovenia kåra til verdas mest berekraftige resiemål! Ekstremsport klassen sin tur til Bovec i Slovenia bygger på dei tre hovedpillarane i berekraftig reilseliv: miljø, lokalsamfunn og lokal økonomi.

Me nyttar derfor lokale tilbod til overnatting, transport, utstyrsleige, guidar, mat og kulturutveksling. Me samarbeider og med verneorganisasjonen Balkan RiverDefence. Action og samfunnsengasjement i samme tur!

Me tek opp elevar frå 1.februar.
Det er lurt å søkja tidleg.

Film

Sjå kva me gjer på denne linja

Følg oss på instagram

@VOSSFHS