Lyd-Musikk

Lyd- & Musikkproduksjon

Linja for deg som drøymer om å utvikle deg som produsent, låtskriver og/eller musikar. Bli god på å skape, mikse, mastre og fremføre elektronisk musikk live. Tett samarbeid med bransjen. 

Her har du som har lyst til å lære om lyd din sjanse! Du vil lære å arbeide med lyd i ulike samanhengar, live, i studio eller ved å lage musikk på pc/mac. Dyktige lærarar vil hjelpe og rettleie deg undervegs, både individuelt og saman med klassekameratane dine.

Det er ikkje krav til forkunnskap, det viktigaste er at du har interesse for musikk og kreativitet. Skulen har det du treng av utstyr og rom for å spele inn og produsere musikk og til å arbeide med lyd, lys og scene for produksjonar og forestillingar. 

Skulen har eige studio og arbeidsrom med Ableton Live og Logic Pro som hovudprogram. Du vil òg få høve til å jobbe i FL Studio, eller program du har sjølv. Det kan være en fordel å ha en laptop til å bruke i live fremførelse, og ha et eget headset slik at du kan lage musikk hvor og når du vil.  Du får tilgang til å prøve ut scenerigg. Vi arbeider saman med linja Jazz. Produserer musikk for dei i studio og står for det tekniske på konsertar. Vi har studietur og turné i lag.

Det vert meisterklassar med kjende musikarar og du vil få lage musikk til elevfilmane på Film & foto og spela til Datalinja.

Vi har samarbeid med lokale fagmiljø som er profesjonelle innen lyd, lys og scene. Det blir anledning til å jobbe praktisk saman med dei på oppdrag gjennom året.

Vi skal ha det kjekt, jamme, halde konsertar, turnere, ha lange kveldar i musikkstudio og leike med musikk og lyd saman. Velkomen til eit praktisk og lærerikt år hjå oss på Voss.

Dette vil du lære:

  • Musikkproduksjon
  • Spel- og filmmusikk
  • Studio
  • Innspeling
  • Miksing
  • Mastering
  • Logic Pro
  • Musikklære
  • Noter
  • Besifring
  • Hørelære
  • Låtskriving
  • Arrangement
  • Konserter
  • Lyd
  • Lys
  • Samarbeid

Me tek opp elevar frå 1.februar.
Det er lurt å søkja tidleg.

Studietur med tog til Europa

Studieturen går med tog frå Voss til Europa. Vi vitjar festivalar, går på konsertar, held konsertar og samarbeider med utanlandske utdanningsinstitusjonar. Klassen set saman opp reiseruta.

Film

Sjå film om skulen.

Følg oss på instagram

@VOSSFHS