Jazzikon

Jazz

Linja utgår skuleåret 2023-24. Sjekk heller vår nye linje Musikk & friluftsliv 🙂 Ny jazzlinje i jazzbygda Voss. Fokus på gehør, improvisasjon, eigenart og samspel. Godt læringsmiljø og tett samarbeid med andre linjer på skulen. Eit steg mot draumen om å bli musikar eller vokalist.

Dette er linja for deg som vil utvikle deg musikalsk og nyte eit år saman med andre jazzinteresserte!

Lær å spele jazz og improvisasjon i eit spennande og kreativt miljø.

Her vil du spele konsertar og få eit nettverk for vidare samarbeid både musikalsk sett og i form av venner for livet.Vi samarbeider tett med Griegakademiet og får besøk av dyktige gjestelærarar. Elevane setter opp konsert på Vossajazz og tar del i Ståoppjazz ved Bergen jazzforum. Vi reiser på turné i lag om våren. Her vil du få mykje erfaring på kort tid og utvikle deg til å bli ein god og trygg musikar.

Sjølv om hovedaktiviteten foregår på Voss, vil nærleiken til Bergen, og byen sitt breie musikkmiljø og vere ein ressurs vi benytter oss av, då vi har sentrale kontakter. Det vil bli fleire meisterklassar med kjende musikarar! I november reiser vi på tur gjennom Europa med tog. Her besøker vi jazzklubber, konserter og opplever nokon av Europa sine flottaste byer. Tidlegare elevar har spelt på jazz-jammer i både Berlin og København.

Naturen på Voss er også noko som me benytter oss av, og skulen har ein unik plassering. Om vinteren har elevane hjå oss tilgang til skisenteret som er like ved skulen. Elevane kan velge mellom mange ulike valgfag, alt fra ekstremsport til kunst.

Me ser fram til å verta kjent med deg.

Følg linja på Instagram:@jazzvossfhs

Dette vil du lære:

Dette er linja for deg som vil utvikle deg og ha det gøy med jazz og instrumentet ditt! Når du søkjer plass hjå oss må du legge ved eit lydopptak eller video av deg sjølv som speler instrumentet ditt.

Dette vil du lære

  • Samspel 
  • Hovedinstument
  • Eigenart
  • Jazzteori
  • Improvisasjon 
  • Høyrelære
  • Lydteknikk 

Våre forventninger til deg

  • Du har eit ønskje om å bli betre i hovudinstrumentet ditt, samspel og improvisasjon
  • Du har ei positiv innstilling og lyst til å utfordre deg sjølv
  • Du deltar i all undervisning og møter budd 

 

Lenger nede på sida kan du lesa om studieturen til Europa.

Me tek opp elevar frå 1.februar.
Det er lurt å søkja tidleg.

Studietur for linja: Interrail i Europa

I november reiser me på interrail og besøker spennande storbyar. I år reiser me til København, Berlin, Praha, Wien og Venezia, ei fantastisk reise med tog gjennom Europa. Me besøker film- og fotoskoler, galleri og museum. Me planlegg turen sammen slik at turen blir «vår», med fokus på samhald, turglede og felles opplevingar. Det er viktig for oss å reise grønt, derfor reiser me kollektivt med tog gjennom Europa.

Det å reise med tog gjør at vi ser landene på bakkeplan, der en fra toglinjene ser forskjellene på landene vi er på turen. Vi sjekker datoene, ser etter konserter, spiser i lag.

Film

Sjå film om skulen

Følg oss på instagram

@VOSSFHS