Om Musikk

Musikklinja på Voss FHS gav meg helt nye utfordringer og fremfor alt muligheter som jeg aldri har fått oppleve siden. Å få være sammen med ambisiøse, kreative og gale mennesker 24 timer i døgnet gjennom et helt år er nesten for godt til å være sant! Her fikk jeg mine aller beste venner og jeg la grunnlaget for at jeg idag kan leve som profesjonell musiker. Jeg fikk oppleve alt fra seriøs musikaloppsetning til totale havari på to-rader. For meg var nok innlevelse og stil til tider vel så viktig som det rent musikalske. På musikklinja fikk jeg utfolde meg fritt sammen med de andre med et seriøst opplegg i bånn. Gode såvel de rent misserable prestasjoner…. jeg husker dem med den største glede, og jeg vet at det er flere med meg.  

Andreas Orheim fra Surferosa, Musikk
Voss Folkehøgskole
5700Voss
Tel 56 52 90 40
Fax 56 52 90 41

Musikk

Musikk - ein viktig del av livet ditt?

Syng du eller spelar du eit instrument?
Har du lyst å lage eigen musikk, i din genre, å arbeide den fram i større og mindre ensemble?
Å oppleve nye rytmar, gjere ditt utrykk tilgjengeleg for andre, utvikle di stemme?
Eit år på musikklinja vil gje deg inspirasjon og erfaring som musikar.


21Musikklinja
På musikklinja vil du arbeide fram musikken din i eit skapande fellesskap.
Du vil bli utfordra til å fungere sosialt i samspel med dine medelevar. Vi vil ha konsertar året igjennom på skulen og i bygda. Vi ynskjer å legge til rette for at du skal utvikle deg til ein allsidig musikar som kan formidle di stemme i ulike samanhenger.


Undervisninga
Du vil møte ulike besetningar og stilar, det vil bidra til å auke din musikalske breidde. Relaterte fag og emne er band og korarbeid, improvisasjon og teori, komponering og arrangering.

Du vil få arbeide i eit fleirspors studio med opptak og cd-produksjonar.


Vokalaktivitetar
Du vil arbeide mykje med ditt mest naturlege instrument, songstemma. Gjennom vokalt arbeid vil du oppleve større forståing av musikken sin eigenart og utvikle evna til musikalsk framføring. Linja sitt klassekor er sentralt i undervisning og utøving.


Musikkteori
Eit verktøy til å forstå musikken betre. Teori vil og hjelpe deg i eigen 01produksjon og framføring.

Vi har undervisning i høyrelære, notelære og musikkorientering.

Hovedinstrument
Individuell undervisning gjennom 28 økter i løpet av året.

Din eigen stil
Vi tek utgangspunkt i din eigen musikk, men ynskjer at du skal tileifelespelar2gne deg kunnskap og forståing om ulike stilar. Dette skjer gjennom ensemblespel, og ved å gå på konsertar.

Vi arbeider med rytmiske musikkformer og improvisasjon.

Med vår plassering på Voss kjem vi heller ikkje utanom norsk folkemusikk. Vi vil delta på eit seminar på Ole Bull Akademiet som er ein sentral norsk folkemusikkinstitusjon. Vi utfordrar deg til å integrere og forme denne musikken i di eiga retning!


Det er fullt mogeleg å knytte seg til andre musikalske tilbod på Voss slik som korps, symfoniorkester, kor, bluesklubb og spelemannslag.

Ingeborg på tverrfløyte
London2

London Babe!Studietur
I vårsemesteret dreg vi på ei vekes tur som samanfattar vårt musikalske mangfald og gjev oss nye impulsar. Vi vil planlegge årets studietur saman med elevane. Dei seinaste åra har vi vore på tur til London, Dublin og Cork i Irland, og til Budapest i Ungarn.



På tvers over linjene
Vi vil arbeide på tvers av linjene i ulike prosjekter og temaveker. Du vil samarbeide med elevar frå dei andre kreative linjene. Slik vil du lære å nytte musikk i nye samanhengar, døme er musikkvideo, installasjon og andre multimedia.

Musikklærarane
Beth Ramfjord har vore songlærar ved folkehøgskulen sidan 2006. I år tok ho over som hovudlærar ved musikklinja. Ho har studert musikkvitenskap ved Høgskulen i Nesna og Griegakademiet i Bergen. Beth spelar piano og messinginstrument. Har utøvande erfaring innan rock, jazz og klassisk musikk, samt erfaring med kor og musikaloppsetningar.


Deltid- Endre Furu har vore ved musikklinja sidan 2002. han har ein allsidig musikkbakgrunn og speler fleire instrument. Han har brei utdanning, blant anna i musikkterapi. Han har spelt i ulike besetningar frå punk-band til barokkensemble.


Linja er berre ein del av det du får ved å velge eit år på Voss Folkehøgskule. Les også desse sidene for å få eit heilt bilde av året:  
Heilskapsskulen.    Timeplan.    Valfag.   Fellsefag.  Internatliv.



Her finn du søknadskjema .

Norsk musikk i ny forkledning…

Musikklinja fekk i august utlevert årets fyrste oppgåve. Ei oppgåve som gjekk ut på å finne norske songar og arrangere desse om til sitt eige uttrykk. Dermed såg me fram mot lange dagar med masse øving som vart tilbakebetalt med 3 flotte konsertar. Les meir...

Musikklinja forbereder til Beatleskonsert!

Akkurat no jobbar musikklinja med siste innspurt mot Beatleskonserten. Musikken har klassen valt sjølv og vegen har vore strevsam, inspirerande og lærerik. Her fylgjer eit utvalg bilete frå øvinga og studioinnspelinga av Beatlesrepertuaret.
Les meir...

Elevstemne 08: Huskonsert

Musikklinja på Voss hadde ein storarta huskonsert med masse flotte innslag fra årets og tidlegare elevar - det var flott å sjå masse talentar på scenen. Det var artig å sjå dei tidligere elevane spele på huskonserten. Det var rundt 200 i salen, men nervøsiteten merka vi ikkje på de som opptrådde. Innslaga var fra soft- til hard metal, og trestemte melodier. Dette er noko vi vil hugsa!
Les meir...

Tur til Stølen Haust-08

I oktober tok me ein klassetur til stølen. Me tok toget opp i fjellet og fortsatte til fots. Etter ein fin tur kom me til stølen, og der var det kaldt! Me tente i peisen. Det tok ei stund for det vart varmt. Pakka oss i soveposer - så spelte me gitar, mandolin og sang.
Les meir...

Musikklinja - STOMP

Vi på musikklinja hadde linjeveke. Då gjekk all vanleg undervisning vekk, og fokuset vart sett på eit vekesprosjekt, nærare bestemt førestillinga "Stompe'ru?" Les meir...

Musikk til Budapest, mars 08

2. mars dro musikklinja på Voss på en heidundranes tur til Budapest! Vi ankom denne flotte byen litt utpå kvelden etter at vi hadde tatt flyet fra Rygge flyplass i det flotte Østfold. Etter vi hadde pakka ut på hotellet, dro vi ut for å spise. Vi gikk ikke langt, men det var et veldig trivlig møte med byen på mafiaresturanten vi satt på . Les meir...

Jakten på sjørøvarskatten

Musikklinja på Voss fhs. har i høst satt opp forestillingen "Jakten på Sjørøverskatten". Det var et musikkeventyr, som handlet om Kaptein Sortebill's, og kompanjongene hans, sin jaktr på en forsvunnet skatt. Undervies på jakten møtte de mange farer, hvor de ofte trengte hjelp fra publikum, som fordetmeste bestod av barn, for å passere. Forestillingen inneholdt spenning, morsomheter, sang, dans og latter.
 
Les meir...

MUSIKKLASSA PÅ TUR

Laurdag 10. mars, 16.45 møtte ein haug musikk- og K&H-elevar (me tok toget saman frå Voss og heilt fram til flyplassen) nede på togstasjonen, klare for avreise. Etter ein lang togtur på seks og ein halv time var nokre få trygt forvara hos familie, vener eller kjende i Oslo-området, medan mesteparten fann seg eit mjukt hjørne for å sove på Gardermoen. Her fekk sivile lærarar, uskuldige K&H-elevar, og andre forsvarslause, tilfeldige reisande vere vitne til kva det kan innebere å vere på tur med musikklinja. Her snakkar me trommejam i minst ein halvtime (alle finn seg ei bjelke og hamrar laus),leiking i rulletrapper og med rullestolar, gitarspel, og ikkje minst - *kremt* fin korsong til langt på natt. Les meir...

Musikklina on tour 2006

Klokka var cirka to den 6.03.06, 22 spennte fjes frå musikklina på Voss skuva  opp på ein grå og trist byggning: Mellow Mood hostel. Ja det kan ein sei….
Tru det eller ei, dette var starten på ei knall fin veke i Budapest!
Les meir...
Levert av Recommended