Om Film og foto

Jeg angrer ikke et sekund på at jeg valgte å gå film og foto på Voss. Uten dette året hadde jeg ikke stått der jeg er i dag. Det var et veldig lærerikt år, med to veldig engasjerte lærere. Jeg oppdaget at jeg faktisk hadde en kreativ side samtidig som jeg forelsket meg i fotokameraet. Det er det beste som har hendt meg. Samtidig fikk jeg mange gode venner, som jeg kommer til å ha resten av livet… Uansett er det mange gode minner...som man ALDRI vil glemme.  

Jennifer Agpalza, Film og Foto
Voss Folkehøgskole
5700Voss
Tel 56 52 90 40
Fax 56 52 90 41

Film og foto

Film og foto

Har du lyst å prøve deg som regissør?

Lurar du på korleis det er å jobbe innanfor visuelle media?

Er du glad i å ta bildar og komponere motiv?


På Voss folkehøgskule får du sjansen til å produsera dine egne filmar og være kreativ med bilder.

2


Her er det viktig at ein har litt kreativitet når ein skal lage eit bilde.


Film og foto er ei praktisk linje der vi arbeider frå ide til ferdig produkt.

Det blir ingen lange teoriøkter. Vi fokuserer mest mogeleg på produksjon både i grupper og på eigenhand. På denne måten lærer du teknikken og teorien medan du arbeider.

Du vil bli utfordra til å arbeide effektivt, målretta og godt, også i lag med andre.



Foto:

Vi vil gå gjennom manuell bruk av kamera, lyssetjing ute og i studio, komposisjon av bildar og digitalt etterarbeid. Vi vil vera innom portrett- ,natt- ,natur- ,reklame-, og motefotografering. Du vil få utdelt oppgåver, men det er du sjølv eller gruppa som set retningslinjer for løysinga. Vi leikar oss med kamera og brukar kvarandre- og andre som modellar. Vi finn ofte «location» utanfor skulen sitt område.
 

Vi etterarbeider dei digitale bilda i photoshop. Det blir ein grunnleggjande gjennomgang i programmet på hausten. Etter kvart som vi har fotografert og øvd oss ein del tek vi ei ny økt med vidare innføring i photoshop.

4


På Voss folkehøgskule lærer du å fotografera og sjå verden kanskje på en litt annan måte.


Vi ynskjer at elever har eige digitalt speglreflekskamera. Ta med bærbar pc dersom du har, den vil du få glede av til etterarbeid.

Det blir ikkje obligatorisk undervisning mørkeromsarbeid, men dersom du er interessert i dette vil læraren kunne hjelpe og vegleie. Løysingane på oppgåvene blir vist fram på skulen sitt nettgalleri. Nokre prosjekt blir stilt ut i skulen sitt ganggalleri.


Film:

 

Vi lagar kortfilmar, musikkvideo, reportasjar, dokumentarar og parodiar.

Vi begynner med gruppearbeid, etterkvart kan du bestemme om du vil arbeide aleine eller saman med andre. I filmane vil vi formidle ein bodskap, ei stemning eller fortelje ei historie. Produksjonsnivået er høgt og vi vil ha det moro medan vi arbeidar.

 

Du vil lære om korleis få idear og utvikle desse til manus, om dramaturgi, å bruke kamera og stativ, om enkel lyssetjing og lydarbeid, og om redigering i Final Cut.

Vi samarbeider med musikklinja om å lage musikkvideoar. Vi dokumenterer ulike hendingar på skulen, som teaterstykke, elevkveldar og skuleturar.

5


Undervisninga skjer ikkje berre i klasserommet.


Vi inviterer resten av skulen på filmkveldar der vi viser fram ferdige resultat. Vi legg og ut filmar på You Tube slik at resten av verda kan sjå kor flinke vi har vært! På slutten av året lager vi DVDar som blir gode minner frå året for heile skulen.

Linja held utstyr til filmdelen, men har du eige er det flott om du tek det med. Utstyr vi har på filmlinja: DV kamera, stativ, lys, mikrofonar og Macar til redigering.



Studietur:
Vi reiser på linjeturar for å besøke ulike produksjonsmiljø, for eksempel TV2, NRK, BBC, filmstudio, fotostudio, utdanningsstader og fotoutstillingar. Vi brukar å ha ein tur til Bergen om hausten og ein tur til London om våren.


Under kan du sjå nokre artikler som er blitt skrevet om linja og linjeaktivitetane.


Linja er berre ein del av det du får ved å velge eit år på Voss Folkehøgskule. Les også desse sidene for å få eit heilt bilde av året:  
Heilskapsskulen.  Timeplan.  Valfag.  Fellsefag. Internatliv.

Her finn du søknadskjema .

KLASSETUR TIL BERGEN 10.2.10

Tidleg på morgonen tusla ein trøtt gjeng mot Voss stasjon, med ein litt småstressa lærar i spissen. Tog turen skulle gå til Bergen, der vi hadde mykje løye på programmet. Først på lista stod det ei omvisning på TV 2. Etter ein del vandring gjennom byen fann vi endeleg fram til TV 2 bygninga på Nøstet i Bergen. Der vart vi tekne godt imot av guiden vår, Geir Kindem, han tok oss med rundt i bygget og viste fram mellom anna hovudkontrollen, nyheitsstudio og studio 1 der sporten vert innspelt. Vi fekk teke mange fine bilete og vart svært fascinert over dei store kamera dei brukar til å filma programma sine.
Les meir...

Film og Foto si fyrste linjeveke.

I veke  hadde Film og Foto si fyrste linjeveke, der elevane jobba heile veka med linjefag. Fotografi og lukketid var fokuset og her vart det tatt mange gode bilete.

Les meir...

Film og foto hos TV2!

Onsdag 4. februar var film- og fotolinja på tur til Bergen for å besøke TV2. Etter en tidlig (?) togtur kom vi frem til Bergen, der vi gikk direkte til TV2bygget på Nordnes. bergen og konsert 40209 035bergen og konsert 40209 074

 

 

 

 

 

 

Geir Kindem tok vel i mot oss og viste oss de forskjellige studioene, dataparkene og de andre avdelingene.

Jøss, de har utrolig mye kabler! reagerte Haakon. Vi fikk se at de bygde opp et nytt studio for sportsendinger, hvordan de jobber for å få sendinger ut på lufta og vi lærte om hvordan de får til å lage direktesendinger med reportere over hele verden. Etter det dro vi videre til Peppes for en matbit, og til slutt så vi Max Manus på Bergen kino.

bergen og konsert 40209 052

bergen og konsert 40209 091

 

 

 

 

 

 

 

 

Film og foto siste linjeveka

Frå mandag 6.april til og med lørdag 12.april var dette skuleårets siste linjeveke.  I linjevekene jobbar vi berre med linjefaget heile veka.  Film og foto held på med sluttprosjekter, då vel dei sjøl om dei ynskjer å laga film eller bildeserie. Les meir...

Filminnspeling

Film og foto klassen jobber for tida med sluttprosjekter.  Elevane velger å jobbe enten med film eller foto, aleine eller i grupper. Jonas Grimeland og Jan Christian Ormåsen har valgt å lage film. Filmen har ennå ikkje fått ein tittel, men er satt til Norge under andre verdenskrig. I filmen følger vi ei gruppe på seks motstandsmenn frå Milorg. Filmen tok 8 dager å spille inn, og vil vare i 20-25 minutter.  Trykk på les meir for å sjå ein bildeserie frå filminnspelinga. Les meir...

Film og foto til Tallinn 2. til 6.mars

Første veka i mars var den store reiseveka ved skulen.  Dataklassen drog til London, Musikk til Budapest, Idrett og friluftsliv drog til den norske fjellheimen og Film og foto tok turen til Tallinn.  Turen til Tallinn vart ei topp oppleving.  Været kunne vært bedre men ellers var stemninga på topp.  Det var billig å shoppe og  gå ut og spise, hotellet var  av god standar og perfekt plasert midt mellom gamle og nye byen.  I tillegg fekk vi  sett og opplevd mykje.  Vi var  på bysightsing,  fotomuseum, fotoutstilling og besøkte ein film og mediaskule.  I tillegg jobba vi med fotoprosjekt og  det vart tatt  mange mange hundre bilder.  Les kva to elevar skriv om turen ved å trykke på les meir. Les meir...

Film og foto til Bergen

Onsdag 5.desember 2007 reiste Film og foto klassen på tur til Bergen.  Der besøkte vi TV2, handla julegåver, var på fotoutstilling, ute og spiste middag før vi avslutta dagen på kino.  Her kan du sjå bilder og lese litt meir om turen.

Film og foto, hausten 07

Film og foto har hatt ein travel og lærerik haust. Vi har laga filmar og teke mange mange bilder.
Les meir...

Studietur til London

Film og Foto tilbrakte linjeuka i London, noe som var en fin opplevelse når man ser bort fra det kjipe været. Les meir...

Film og foto hos TV2

Onsdag 7.desember var Film og foto-linja på tur til Bergen.  Dagen starta med eit besøk hos TV2, der fekk vi sjå og læra om korleis dei lagar TV.  Seinare på dagen var vi på fotoutstilling av fotograf Hans Jørgen Brun , ute og spiste, shoppa og på kino og såg Night on Earth.  Ein fin og lærerik tur.  Trykk på les meir og sjå nokre bilder frå besøket hos TV2. Les meir...
Levert av Recommended