Elvepadling: Entusiastar buset seg på Voss pga dei flotte elvene. Du får lære å nytte elva sine krefter til å ta deg dit du vil, gjennom bølgjer, valser og kanskje ein foss!
Vi vil bruke tid på å forstå linjevalg, korleis setje opp sikring og ta oss seg trygt ned ei elv.
Elvepadling er eit dynamisk samspel mellom deg og elva som utfordrar og utviklar fleire sider ved deg.
Vi vil boltre oss i elvene på Voss ei veke haust og ei veke vår.
Synfaring: Synfaring er ein morsom og annleis måte å gå tur på, men og ein sentral del av elvepadlinga. Synfaring fører oss bort frå dei vanlege stiane, og vi får sett på nye elver som kanskje ein dag kan padlast. Vi trener oss i bruk av kart og kompass.Kanskje vil vi og få bruk for klatre\buldrekompetansen?
Rundt bålet om kvelden vil vi få diskutert opplevingane våre.
Buldring:
Det engelske ordet boulder betyr stor stein. Buldring er klatring i sin reinaste form. Basic utstyr er klatresko og kalkpose.
Området rundt Voss har fleire gode buldrefelt. Vi nyttar dei naturlege linjene til å klatre opp og rundt på store steinar.
Buldring er ein løysingsorientert sport som krev konsentrasjon og fokus. Å vere smidig og ha balanse kjem godt med.
Aktiviteten innbyr til hyppige pausar med kaffi og refleksjon.
Vi tar med telt, kaffikokar og god mat.
Havkajakk:
Ei veke i Alversund i Lindås eller vakre Nærøyfjorden i Gudvangen. Å oppleve vestlandet/verdsarvområder frå kajakken. Gli roleg fram på sjøen utan støy frå motoren. Oppleve fugleliv, kanskje møte ein nyskjerrig kobbe, smale sund, viker og små sandstrender. Vi overnattar i lavo/telt, det blir bålkos, fisking, linegåing og buldring og fjelltur.
Topptur:
Kven seier vi ikkje kan leike og lære samtidig? Vi skal ut og stå på ski i urørt snø, øve og ha det moro. Vossafjella byr på flotte nedkjøyringar på alle nivå. Kunnskap om snø og snøskred skal setjast ut i livet.
Gruppedynamikk og gruppeavgjerdsler. Vi øver på trygge linjeval på både opp og nedtur.
Skredlære: Kva er eigentleg snø og kvifor er den potensielt farleg når vi er på ski?
Det blir nokre økter med teori, deretter vil vi ut og studere snøen. Vi går gjennom søkemønster, bruk av S\M og effektiv graving. Vi vil og setje fokus på menneskelege faktorar. Vi ynskjer at elevane skal bli medvitne på korleis ein bør tenkje og handleunder ulike forhold, for slik å unngå å hamne i skumle situasjonar. Snøen er ikkje farleg i seg sjølv. Våre umedvitne handlingar kan vere det.
Poweryoga og slakk line: Vi startar året med eit kurs i poweryoga, ein dynamisk type yoga
som utviklar styrke og smidigheit via flyt, pust, fokus, og balanse.
Ein sentral tanke er at kroppen må byggjast opp gradvis, eit steg om gangen. Ein naturleg start når vi skal lære noko vi kan ha med oss resten av livet.
Ein annan måte å trene balanse på til elvepadling, buldring, er å gå på slakk line. Lina er lita og lett, vi vil ha den med på turane våre.
Ernæring:
Etter alle desse aktivitetane er det kjekt å vite
kva næring som trengst for å styrke og bygge oppatt kroppen.
Hjernen skal ha sitt: Rett næring vil gjere deg
meir vaken og klår, du hugsar og lærer lettare.
Kvifor er spesifikk næring god for musklar og hjerne?
Korleis skal vi få i oss slik mat på tur?
Videoredigering:
Buldring er berre ein av dei aktivitetane som gjer seg godt på film.
Det er kjekt å sjå seg sjølv i aksjon men vi kan og lære av det. Personlege løysingar kan studerast nærmare og hjelpe oss å utvikle teknikken.
Når haustmørket trugar og dagane kan følast tunge tar vi fram dette materialet.
Slikt kan det bli flotte kortfilmar av.
Haust, sein haust, vinter og vår, -oversikt:
Haust: Basisfriluftsliv, elvepadling, synfaring, buldring/klatring, poweryoga, slakk-line, filming og ernæring.
Sein haust: Havkajakk, teori, ernæring, førstehjelp, slakk-line, videoredigering og poweryoga.
Vinter: Vinterfriluftssport, topptur, skredlære, førstehjelp og videoredigering.
Vår: Elvepadling, synfaring, vårskiturar, buldring og slakk-line.
Hvis du elles lurer på noko, kontakt linjelærar: 97 52 09 82 eller send ein e-post: atvilde@gmail.com