Ski og elv

Ski og Elv – eit år i balanse

15Speninnga i elva - Utsikten frå fjelltoppen - Roen rundt bålet


Buldring, ski og elvepadling er for mange ein livstil, ein leik dei fortsett med gjennom livet. Ynskjer du å finne ei kjelde til stadig nye opplevingar, utfordring og mestring?


Ski og Elv er linja for deg om vil «utfordre komfortsonen», «ta utfordringar» og bli rikare på erfaringar.


Voss er den perfekte staden for denne linja. På Ekstremsportveko sin store arena vil vi finne utfordringar for både kropp og psyke.  Gjennom sesongen valfartar folk frå heile verda til Voss for å drive elvepadling.Voss er også veldig kjent for sine vinteraktivitetar, mange OL- og VM-heltar kjem frå Voss. På dei siste 45 åra har 87 VM og OL medaljar havna på Voss. Naturen på og kring Voss er både utfordrande og vakker, og som elev på linja kan du nyta den eit heilt år. Som medarbeidarar på Vinterveko vil vi oppleve festivalarbeid- og festivalmorro. Du vil få kunnskap om korleis få meir ut av dagane gjennom aktivitet i naturlege element, godt kosthald og spannande leik.


Eit år der vi gjer kvardagen om til eit eventyr!

to
6
Søkjere til linja kan vera heilt uerfarne i alle aktiviteter bortsett frå skikøyring. Der vil det krevast ein viss kompetanse då det blir mest køyring utanfor preparete løyper.


Hvis du elles lurer på noko, kontakt linjelærar: 97 52 09 82 eller send ein e-post: atvilde@gmail.com


Her kan du sjå ein bildeserie frå skuleåret 2009/10.


Linja er berre ein del av det du får ved å velge eit år på Voss Folkehøgskule. Les også desse sidene for å få eit heilt bilde av året:  Heilskapsskulen.  Timeplan.  Valfag.  Fellsefag. Internatliv.


Her finn du søknadskjema.

Aktivitetane på Ski og elv

Vi fylgjer årstidenes gang:
På hausten valfartar folk frå heile verda til Voss for å drive elvepadling. Du vil få lære eskimorulle, padleteknikk, teknikkar for sikker padling og redning.

Seinhaustes reiser vi til vakre Alversund i Lindås for å padle havkajakk i vestlandsfjordar.

Til vinteren blir det graving i snø, og sjølvsagt skikøyring i fjell og anlegg.

Ofte vil vi kombinere aktivitetane med overnatting ute.
Linja vil gje deg flotte opplevingar som styrker heile kroppen og opnar for eit vidare syn på kvardagen. Korleis få meir ut av dagane ved fysisk aktivitet i naturen, godt kosthald og mental hygiene.


PadlingElvepadling:
Entusiastar buset seg på Voss pga dei flotte elvene. Du får lære å nytte elva sine krefter til å ta deg dit du vil, gjennom bølgjer, valser og kanskje ein foss!
Vi vil bruke tid på å forstå linjevalg, korleis setje opp sikring og ta oss seg trygt ned ei elv.
Elvepadling er eit dynamisk samspel mellom deg og elva som utfordrar og utviklar fleire sider ved deg.
Vi vil boltre oss i elvene på Voss ei veke haust og ei veke vår.


1 Synfaring:
Synfaring er ein morsom og annleis måte å gå tur på, men og ein sentral del av elvepadlinga. Synfaring fører oss bort frå dei vanlege stiane, og vi får sett på nye elver som kanskje ein dag kan padlast. Vi trener oss i bruk av kart og kompass.Kanskje vil vi og få bruk for klatre\buldrekompetansen?
Rundt bålet om kvelden vil vi få diskutert opplevingane våre.


Buldring:
Det engelske ordet boulder betyr stor stein. Buldring er klatring i sin reinaste form. Basic utstyr er klatresko og kalkpose.
Området rundt Voss har fleire gode buldrefelt. Vi nyttar dei naturlege linjene til å klatre opp og rundt på store steinar.
Buldring er ein løysingsorientert sport som krev konsentrasjon og fokus. Å vere smidig og ha balanse kjem godt med.
Aktiviteten innbyr til hyppige pausar med kaffi og refleksjon.
Vi tar med telt, kaffikokar og god mat.

 

kajakkHavkajakk:
Ei veke i Alversund i Lindås eller vakre Nærøyfjorden i Gudvangen. Å oppleve vestlandet/verdsarvområder frå kajakken. Gli roleg fram på sjøen utan støy frå motoren. Oppleve fugleliv, kanskje møte ein nyskjerrig kobbe, smale sund, viker og små sandstrender. Vi overnattar i lavo/telt, det blir bålkos, fisking, linegåing og buldring og fjelltur.


Topptur:
toppturKven seier vi ikkje kan leike og lære samtidig?
Vi skal ut og stå på ski i urørt snø, øve og ha det moro. Vossafjella byr på flotte nedkjøyringar på alle nivå. Kunnskap om snø og snøskred skal setjast ut i livet.
Gruppedynamikk og gruppeavgjerdsler. Vi øver på trygge linjeval på både opp og nedtur.

 
frikjøringSkredlære:
Kva er eigentleg snø og kvifor er den potensielt farleg når vi er på ski?
Det blir nokre økter med teori, deretter vil vi ut og studere snøen. Vi går gjennom søkemønster, bruk av S\M og effektiv graving. Vi vil og setje fokus på menneskelege faktorar. Vi ynskjer at elevane skal bli medvitne på korleis ein bør tenkje og handleunder ulike forhold, for slik å unngå å hamne i skumle situasjonar. Snøen er ikkje farleg i seg sjølv. Våre umedvitne handlingar kan vere det.

yogaPoweryoga og slakk line:
Vi startar året med eit kurs i poweryoga, ein dynamisk type yoga
som utviklar styrke og smidigheit via flyt, pust, fokus, og balanse.
Ein sentral tanke er at kroppen må byggjast opp gradvis, eit steg om gangen. Ein naturleg start når vi skal lære noko vi kan ha med oss resten av livet.
Ein annan måte å trene balanse på til elvepadling, buldring, er å gå på slakk line. Lina er lita og lett, vi vil ha den med på turane våre.

Ernæring: 5
Etter alle desse aktivitetane er det kjekt å vite
kva næring som trengst for å styrke og bygge oppatt kroppen.
Hjernen skal ha sitt: Rett næring vil gjere deg
meir vaken og klår, du hugsar og lærer lettare.
Kvifor er spesifikk næring god for musklar og hjerne?
Korleis skal vi få i oss slik mat på tur?

Videoredigering:
Buldring er berre ein av dei aktivitetane som gjer seg godt på film.
Hug a  treeDet er kjekt å sjå seg sjølv i aksjon men vi kan og lære av det.
Personlege løysingar kan studerast nærmare og hjelpe oss å utvikle teknikken.
Når haustmørket trugar og dagane kan følast tunge tar vi fram dette materialet.
Slikt kan det bli flotte kortfilmar av.


Haust, sein haust, vinter og vår, -oversikt:

Haust: Basisfriluftsliv, elvepadling, synfaring, buldring/klatring, poweryoga, slakk-line, filming og ernæring.

Sein haust: Havkajakk, teori, ernæring, førstehjelp, slakk-line, videoredigering og poweryoga.

Vinter: Vinterfriluftssport, topptur, skredlære, førstehjelp og videoredigering.

Vår: Elvepadling, synfaring, vårskiturar, buldring og slakk-line.


Hvis du elles lurer på noko, kontakt linjelærar: 97 52 09 82 eller send ein e-post:
atvilde@gmail.com


Ski&Elv på alenedøgn i Brandsethdalen i november

Les og sjå bilder ved å trykke her.
aleine døgn

Ski og elv på SKI

I romjula kom snøen til Voss og så snart elvene var tilbake etter juleferien tok vi på oss skiene.
 
Les meir...

Link til lærar Arilds heimeside

Lærar Arild har eiga heimeside, der kan du lese meir om aktivitetane på linja. 

www.between2rivers.net

Bildet er frå artikkelen:
Sesongens første topp med ski på beina!

Ski og elv tur - speide eleven og buldring 15.09- 16.09

Turen gjekk til fjellet for å speide elva - vi tenker oss tilbake hit for å padla litt!
Dette er nødvendig for å skjøna korleis ein elv fungerer, for å seinere vere i stand til å forstå elvens utfordringar og farer.
Vi såg f.eks etter trygge lommar vi kan stoppe i med kajakken på veg ned elva.
Les meir...
Levert av Recommended