Å bu på internat er ein viktig del av folkehøgskuleåret.
Her er det rom for deg og dei andre.
Til å trekkje seg tilbake og for å vere ein del av.
Du bur tett på menneske med ulik bakgrunn, og vil lære medansvar, toleranse, bli ein medspelar
og ein motspelar.
Voss Folkehøgskule har to store internat.
Midtgard har plass til ca. 60 elevar. 50 bur i dobbelrom.
10 på enkelt rom. Dette er det nyaste internatet
og alle romma har eigen dusj og toalett.
Jomsborg har plass til ca 40 elevar fordelt på enkelt- og dobbelt rom.
Her må elevane bruke dusj og toalett i gangane.
Nytt eller gamalt, med eller utan eigen dusj og toalett,
det blir livlig, alvorleg, inderleg, trygt, intenst
og verdifullt.
Sjå bilder av Internatlivet her.