Søknad

Praktisk informasjon
Neste skuleåret startar i august 2010. Vi tek opp elevar frå 1. februar 2010 og fram til skulestart.  Skulen vil at søkjar skal ha fylt 18 år innan årskiftet.
 
Eit år på folkehøgskule gjev deg 2 konkurransepoeng/tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning. Undervisninga på folkehøgskule er gratis.  Du betalar kun for kost, losji, turar og undervisningsmateriell.

Skulen sine grunnreglar er:
Av omsyn til kvar enkelt og omsyn til fellesskapet, er det:
-    Obligatorisk deltaking i all undervisning, fellesarrangement og øvingar.
-    Forbod mot å ha eller nytte alkohol på eller utanfor skulen så lenge du bur på skulen.
-    Forbod mot å nytte narkotika i det heile gjennom skuleåret.
-    Eit tidspunkt då det skal vere ro på internatet og på skuleområdet.



Prisar Voss Folkehøgskule skoleår 2010-2011

Innmelding:                                                      kr   1 200

Alle linjer, bortsett fra Ski og elv:           kr 76 200

Ski og elv:                                                          kr 80 200

Inkludert er bl.a.: kost og losji, utgifter til kopiering, materiell på valgfag, bruk av internett og vaskemaskiner, skulebilde samt turar i nærområdet, innenlands skuletur, linjeturar, kulturarrangement og heiskort (’Idrett og friluftsliv’ og ’Ski og Elv’).

Enkeltrom tillegg:                                           kr   4 000

Rom m/ bad tillegg:                                       kr   4 000

Ved særskilt dietbehov:                              pris etter avtale


Dersom du sluttar i skuleåret, må du betale for 6 veker etter sluttdato.

Statens lånekasse for utdanning gjev både stipend og lån til elevar på folkehøgskular. Alle som er under 20 år får fullt stipend.



Her finn du søknadsskjema .

Her kan du bestille skulebrosjyre .

Her finn du informasjon om stipend og lån i Lånekassen.
 
Her finn du skulerute/årsplan 2010/11.


Har du spørsmål ta kontakt med oss:
Telefon/Fax:
56529040/56529041

E-post:
Administrasjon - admin@voss.fhs.no
 
Adresse:
Voss Folkehøgskule
Eskelandsvegen 28
5700 Voss
Levert av Recommended