Voss Folkehøgskule har tilsett Lasse Sandberg i stillinga som rektor frå august 2010. Lasse arbeider i dag som rektor ved ein annan folkehøgskule. Han er utdanna innanfor musikk og pedagogikk. Han har brei ledererfaring både frå organisasjonsliv og arbeidsliv. Vi er svært glade for å ha Lasse med på laget frå neste skuleår. Lasse skriv sjølv at han gleder seg til å ta fatt i utfordringane på vakre Voss. Han ser fram til å bli kjent med skulen, alle som arbeider der, og kultur- og sports-bygda som eksponerer seg i spennet mellom gammel og ny kultur.