Fellesfag
Fellesfaga fører med seg eit sosialt og godt miljø på tvers av linjene. Dei skaper samhald, felles forståing, utfordringar og erfaringar. F. eks. morgonsamling, diskusjonsforum, kor, allsong, hustime, gangmøte, rektors time og ulike seminar på laurdagar.
Alle fag, også fellesfaga har obligatorisk oppmøte.
Morgonsamling
Gjennom eit ord for dagen får elevar og lærarar presentere tema dei interesserer seg for. Her får du og meldingar som gjeld resten av dagen.
Forum
Mindre grupper. Vi diskuterer aktuelle tema bestemt av gruppa eller gruppeleiaren.
Storekor
Alle er med. Vi syng på ulike arrangement på skulen og andre stader på Voss. Elevane er delt inn i ulike stemmegrupper. Det er innøving og litt om sangteknikk.
Allsong
Ein time der vi syng kjente og kjære, nye og gamle songar.
Hustime
Vi presenterer og diskuterer ulike tema knytt til skulekvardagen.
Gangtime
Kvar gang har sin eigen leiar og sin representant i elevrådet. Vi diskuterer aktuelle prosjekt, blant anna elevkveldar og underhaldning. Og tema som skal vidare til elevrådet blir tekne opp her.
Rektors time
Rektor tek opp tema som har med skulen og samfunnet å gjere.
Seminar
De fleste laurdagar legg lærarane eller andre innleidde personar opp til seminar med ulike tema.
Les meir...