Voss

vangen
Voss er ei utprega idretts- og kulturbygd, omkransa av fjell og fantastiske fjordlandskap. Her får du utfordrande naturopplevingar heile året. Ekstremsportveko går av stabelen på Voss kvar vår, og likeved skulen ligg eitt av Nord-Europas beste alpinanlegg. Voss kan dessutan by på eit rikt kulturliv, med godt konsert- og kinotilbod. Hit kjem studentar frå heile landet for å studera musikk ved Ole Bull Akademiet.  I påska arrangerast den årlege festivalen Vossa Jazz.  Voss har eit variert kunst og handverk miljø og er kjent for sine mattradisjonar. 
 
Voss er ein levande bygdeby med omlag 14000 innbyggjarar. Halvparten av desse bur i sentrumsområdet på og kring Vossevangen. Voss er innlandskommune og eit trafikknutepunkt, og er med sine 1815 kvadratkilometer den største kommunen i Hordaland fylke. Voss sentrum ligg på berre ca 50 m.o.h.
 
Komme og gå; toge og busse og fly
 
Kommunikasjonen er godt utvikla.
Bergensbana og stamvegen (E16) går igjennom kommunen.
Det gjev ei reisetid på ca 1 time med tog til Bergen,
Ca 5,5 timar med tog til Oslo.
 
Togstasjonen har daglege avgangar  til Oslo og Bergen.
Bergen, Lillehammer, Kristiansand og Haugesund kan
og nåast med buss. På Flesland
utanfor Bergen ligg den internasjonale flyplassen.
 
Byen i bygda

Vossevangen er servicesenter for eit område med ca 25 000 menneske,
med fritidstilbod. som konsertar, kino, underhaldning, restaurantar, pubar.
Det er ca 500 frivillige lag/organisasjonar på Voss.
Av desse er det 40 idrettsorganisasjonar og mange ulike idrettsanlegg.
Kulturlivet spenner frå bunad, hardingfele til jazz-klubb, kunstgalleri,
symfoniorkester og festivalar.    
Levert av Recommended