Heilskapsskulen
Voss Folkehøgskule er ein heilskapskule.
Det vi gjer i fridtida er like viktig som det vi gjør i undervisningstida.
Difor ventar eit høgt aktivitetsnivå!
Skuledagen strekkjer seg frå frukost kl. 07:45 til kl. 23:00.
Kvalitet
Det er viktig for oss at produkt som blir til, held faglege mål.
Kvalitetskravet gjeld òg alle sidene ved livet på skulen, ikkje minst måten vi arbeider, lever saman og møter kvardagen på.
Dugnad og personleg engasjement
Skulen byggjer på den enkelte sine interesser
og vi ventar at du engasjerer deg.
Saman tar og lærarar ofte i eit ekstra tak
når vi har fellesprosjekter og dugnader.
Felles ansvar
Alle er viktige i samvær og aktivitetar.
Når konfliktar og problem dukkar opp
tek vi tak i dette og løyser det .
Samhaldet på internatet og arbeid
i ulike fellesprosjekt bidreg til at vi får ein rikare skule.
Skuledagen
Vi er ikkje bundne opp til noko fast pensum og står fritt
til å velje fag, emne og arbeidsformer som stemmer med
dei måla vi har sett for skulen. Av og til fell heile timeplanen bort.
Dette gjeld i tre linjeveker gjennom året,
I store fellesprosjekt eller i situasjonar der vi treng
ekstra tid til felles utfordringar.
Elevsamtalar
Vi har verken eksamen eller karakterar, men
for å sikre kvalitet i undervisning
og legge til rette for personleg vekst,
har vi minst tre formelle lærar-elevsamtalar i året.
Her blir det mellom anna gjort avtalar om innsats
for å nå faglege og personlege mål.