Idrett og friluftslivslinja
Idrett- og friluftslivslinja byr på varierte utfordringar. Leik, gode felles opplevingar og utviding av eigne grenser er viktige stikkord. Voss er kjent som ei fantastisk idrettsbygd, så alt skulle ligge til rette for allsidig idrettserfaring både ute og inne. Skianlegga er mellom dei beste i Nord-Europa, og mange preparerte løyper gjev stort rom for entusiastar. Både i idrett og friluftsliv legg vi vekt på grunnleggande praksis og positive opplevingar.
Undervisninga
Voss Folkehøgskule er ein av få skular som har idrett og friluftsliv på same linje. Gjennom skuleåret vil vi vektlegge desse to emna like mykje. Vi spelar på lag med årstidene, og årsplanen tek farge av dette: Vi driv friluftsliv i september\oktober, og i mars\april. Frå november til ut februafr er idretten i fokus. Kvar veke har vi to heile dagar med linjefag. I friluftslivsperioden har vi overnattingstur kvar veke. Vi har fire linjeveker der vi utelukkande driv med linjefag heile veka. Desse brukar vi til friluftsliv.
Friluftsliv Vestlandet byr på storslagen og variert natur frå fjell til hav. På idrett og friluftslivslinja vil vi stort sett ferdast i urørd natur. Det blir dagsturar og lengre overnattingsturar. Vi utforskar ulike miljø og tilpassar overnatting og ferdselsmåte etter årstid og det miljøet vi ferdast i. Om hausten startar vi med ei veke fjelltur med overnatting i telt. På denne fyrste turen legg vi inn ein dag bretur. Vinterstid er det skiturar på fjellet med overnatting i snøhole, telt eller iglo. Skulen har eigen støl i høgfjellet attmed Bergensbana 800 moh., og ei lita hytte i skogen ovanfor skulen. Ein sykkeltur på Rallar-vegen høyrer sjølvsagt med. Støl, hytte og den frie naturen dannar ei god ramme rundt utfordrande naturopplevingar saman med andre.