Om Musikk

Musikklinja på Voss FHS gav meg helt nye utfordringer og fremfor alt muligheter som jeg aldri har fått oppleve siden. Å få være sammen med ambisiøse, kreative og gale mennesker 24 timer i døgnet gjennom et helt år er nesten for godt til å være sant! Her fikk jeg mine aller beste venner og jeg la grunnlaget for at jeg idag kan leve som profesjonell musiker. Jeg fikk oppleve alt fra seriøs musikaloppsetning til totale havari på to-rader. For meg var nok innlevelse og stil til tider vel så viktig som det rent musikalske. På musikklinja fikk jeg utfolde meg fritt sammen med de andre med et seriøst opplegg i bånn. Gode såvel de rent misserable prestasjoner…. jeg husker dem med den største glede, og jeg vet at det er flere med meg.  

Andreas Orheim fra Surferosa, Musikk
Voss Folkehøgskole
5700Voss
Tel 56 52 90 40
Fax 56 52 90 41

Musikk - ein viktig del av livet ditt?

Syng du eller spelar du eit instrument?
Har du lyst å lage eigen musikk, i din genre, å arbeide den fram i større og mindre ensemble?
Å oppleve nye rytmar, gjere ditt utrykk tilgjengeleg for andre, utvikle di stemme?
Eit år på musikklinja vil gje deg inspirasjon og erfaring som musikar.


21Musikklinja
På musikklinja vil du arbeide fram musikken din i eit skapande fellesskap.
Du vil bli utfordra til å fungere sosialt i samspel med dine medelevar. Vi vil ha konsertar året igjennom på skulen og i bygda. Vi ynskjer å legge til rette for at du skal utvikle deg til ein allsidig musikar som kan formidle di stemme i ulike samanhenger.


Undervisninga
Du vil møte ulike besetningar og stilar, det vil bidra til å auke din musikalske breidde. Relaterte fag og emne er band og korarbeid, improvisasjon og teori, komponering og arrangering.

Du vil få arbeide i eit fleirspors studio med opptak og cd-produksjonar.


Vokalaktivitetar
Du vil arbeide mykje med ditt mest naturlege instrument, songstemma. Gjennom vokalt arbeid vil du oppleve større forståing av musikken sin eigenart og utvikle evna til musikalsk framføring. Linja sitt klassekor er sentralt i undervisning og utøving.


Musikkteori
Eit verktøy til å forstå musikken betre. Teori vil og hjelpe deg i eigen 01produksjon og framføring.

Vi har undervisning i høyrelære, notelære og musikkorientering.

Hovedinstrument
Individuell undervisning gjennom 28 økter i løpet av året.

Din eigen stil
Vi tek utgangspunkt i din eigen musikk, men ynskjer at du skal tileifelespelar2gne deg kunnskap og forståing om ulike stilar. Dette skjer gjennom ensemblespel, og ved å gå på konsertar.

Vi arbeider med rytmiske musikkformer og improvisasjon.

Med vår plassering på Voss kjem vi heller ikkje utanom norsk folkemusikk. Vi vil delta på eit seminar på Ole Bull Akademiet som er ein sentral norsk folkemusikkinstitusjon. Vi utfordrar deg til å integrere og forme denne musikken i di eiga retning!


Det er fullt mogeleg å knytte seg til andre musikalske tilbod på Voss slik som korps, symfoniorkester, kor, bluesklubb og spelemannslag.

Ingeborg på tverrfløyte
London2

London Babe!Studietur
I vårsemesteret dreg vi på ei vekes tur som samanfattar vårt musikalske mangfald og gjev oss nye impulsar. Vi vil planlegge årets studietur saman med elevane. Dei seinaste åra har vi vore på tur til London, Dublin og Cork i Irland, og til Budapest i Ungarn.



På tvers over linjene
Vi vil arbeide på tvers av linjene i ulike prosjekter og temaveker. Du vil samarbeide med elevar frå dei andre kreative linjene. Slik vil du lære å nytte musikk i nye samanhengar, døme er musikkvideo, installasjon og andre multimedia.

Musikklærarane
Beth Ramfjord har vore songlærar ved folkehøgskulen sidan 2006. I år tok ho over som hovudlærar ved musikklinja. Ho har studert musikkvitenskap ved Høgskulen i Nesna og Griegakademiet i Bergen. Beth spelar piano og messinginstrument. Har utøvande erfaring innan rock, jazz og klassisk musikk, samt erfaring med kor og musikaloppsetningar.


Deltid- Endre Furu har vore ved musikklinja sidan 2002. han har ein allsidig musikkbakgrunn og speler fleire instrument. Han har brei utdanning, blant anna i musikkterapi. Han har spelt i ulike besetningar frå punk-band til barokkensemble.


Linja er berre ein del av det du får ved å velge eit år på Voss Folkehøgskule. Les også desse sidene for å få eit heilt bilde av året:  
Heilskapsskulen.    Timeplan.    Valfag.   Fellsefag.  Internatliv.



Her finn du søknadskjema .

Levert av Recommended