Om Film og foto

Jeg angrer ikke et sekund på at jeg valgte å gå film og foto på Voss. Uten dette året hadde jeg ikke stått der jeg er i dag. Det var et veldig lærerikt år, med to veldig engasjerte lærere. Jeg oppdaget at jeg faktisk hadde en kreativ side samtidig som jeg forelsket meg i fotokameraet. Det er det beste som har hendt meg. Samtidig fikk jeg mange gode venner, som jeg kommer til å ha resten av livet… Uansett er det mange gode minner...som man ALDRI vil glemme.  

Jennifer Agpalza, Film og Foto
Voss Folkehøgskole
5700Voss
Tel 56 52 90 40
Fax 56 52 90 41

Film og foto

Har du lyst å prøve deg som regissør?

Lurar du på korleis det er å jobbe innanfor visuelle media?

Er du glad i å ta bildar og komponere motiv?


På Voss folkehøgskule får du sjansen til å produsera dine egne filmar og være kreativ med bilder.

2


Her er det viktig at ein har litt kreativitet når ein skal lage eit bilde.


Film og foto er ei praktisk linje der vi arbeider frå ide til ferdig produkt.

Det blir ingen lange teoriøkter. Vi fokuserer mest mogeleg på produksjon både i grupper og på eigenhand. På denne måten lærer du teknikken og teorien medan du arbeider.

Du vil bli utfordra til å arbeide effektivt, målretta og godt, også i lag med andre.



Foto:

Vi vil gå gjennom manuell bruk av kamera, lyssetjing ute og i studio, komposisjon av bildar og digitalt etterarbeid. Vi vil vera innom portrett- ,natt- ,natur- ,reklame-, og motefotografering. Du vil få utdelt oppgåver, men det er du sjølv eller gruppa som set retningslinjer for løysinga. Vi leikar oss med kamera og brukar kvarandre- og andre som modellar. Vi finn ofte «location» utanfor skulen sitt område.
 

Vi etterarbeider dei digitale bilda i photoshop. Det blir ein grunnleggjande gjennomgang i programmet på hausten. Etter kvart som vi har fotografert og øvd oss ein del tek vi ei ny økt med vidare innføring i photoshop.

4


På Voss folkehøgskule lærer du å fotografera og sjå verden kanskje på en litt annan måte.


Vi ynskjer at elever har eige digitalt speglreflekskamera. Ta med bærbar pc dersom du har, den vil du få glede av til etterarbeid.

Det blir ikkje obligatorisk undervisning mørkeromsarbeid, men dersom du er interessert i dette vil læraren kunne hjelpe og vegleie. Løysingane på oppgåvene blir vist fram på skulen sitt nettgalleri. Nokre prosjekt blir stilt ut i skulen sitt ganggalleri.


Film:

 

Vi lagar kortfilmar, musikkvideo, reportasjar, dokumentarar og parodiar.

Vi begynner med gruppearbeid, etterkvart kan du bestemme om du vil arbeide aleine eller saman med andre. I filmane vil vi formidle ein bodskap, ei stemning eller fortelje ei historie. Produksjonsnivået er høgt og vi vil ha det moro medan vi arbeidar.

 

Du vil lære om korleis få idear og utvikle desse til manus, om dramaturgi, å bruke kamera og stativ, om enkel lyssetjing og lydarbeid, og om redigering i Final Cut.

Vi samarbeider med musikklinja om å lage musikkvideoar. Vi dokumenterer ulike hendingar på skulen, som teaterstykke, elevkveldar og skuleturar.

5


Undervisninga skjer ikkje berre i klasserommet.


Vi inviterer resten av skulen på filmkveldar der vi viser fram ferdige resultat. Vi legg og ut filmar på You Tube slik at resten av verda kan sjå kor flinke vi har vært! På slutten av året lager vi DVDar som blir gode minner frå året for heile skulen.

Linja held utstyr til filmdelen, men har du eige er det flott om du tek det med. Utstyr vi har på filmlinja: DV kamera, stativ, lys, mikrofonar og Macar til redigering.



Studietur:
Vi reiser på linjeturar for å besøke ulike produksjonsmiljø, for eksempel TV2, NRK, BBC, filmstudio, fotostudio, utdanningsstader og fotoutstillingar. Vi brukar å ha ein tur til Bergen om hausten og ein tur til London om våren.


Under kan du sjå nokre artikler som er blitt skrevet om linja og linjeaktivitetane.


Linja er berre ein del av det du får ved å velge eit år på Voss Folkehøgskule. Les også desse sidene for å få eit heilt bilde av året:  
Heilskapsskulen.  Timeplan.  Valfag.  Fellsefag. Internatliv.

Her finn du søknadskjema .

Levert av Recommended