Utvikle dine evner, la dei spire, falde seg ut?
Kunst, handverk og design-linja er for deg som har lyst til å vera ein del av eit kreativt miljø, utveksle tankar og idear og bli betre kjent med kunst, moderne design og tradisjonelt handverk. Med handfaste materiale under fingrane vil du tileigne deg ulike teknikkar.
Vi set utforsking og eksperimentering i sentrum og ynskjer at du skal utvikle trua på deg sjølv, dine idear og verdien av ditt særeigne utrykk.
Undervisninga
Ein viktig del av undervisninga er å bli kjend med materialet og teknikkane sin eigenart.
Gjennom spennande oppgåver vil du få utforske din stil og ditt utrykk.
Det vert mykje opp til deg korleis du vil vektleggja tida hos oss.
I deler av året kan du velje å fordjupe deg i ein teknikk, eller i eit materiale du ynskjer å læra meir om. Alle idear er velkomne, slik set du –og dei andre med deg, preg på linja.
Skulen har kunst og handverk – keramikk og trearbeidsrom. Romma er i bruk både i undervisningstida og på kveldstid året rundt. Her er høg aktivitet. Vi har det moro og sosialt medan vi fordjupar oss i ulike prosjekt.
I løpet av året kjem vi til å læra ulike teknikkar innafor materialområda; Teikning/måling/grafikk, tekstil og keramikk.
Teknikkar innan teikning/måling/grafikk:
- Akryl og oljemåling
Du lærer å spenne opp eigne lerret i ulike storleik og korleis du lagar lerretet klar før du kan måla.
- Linosnitt/etsing/tresnitt/koldnål
Vi tek for oss ulike grafiske trykketeknikkar og lagar bilete.
- Kol- pastellkritt – oljekrit – og blyantteikning
Du får teste ut ulike teknikkar og vi teiknar blant anna; stilleben, croquie- og aktteikningar.
I tillegg kan vi arbeide med sjablongtrykk, graffiti og foto/mørkeromsarbeid om vi ynskjer det.
Teknikkar innan tekstil:
-Design og redesign av eigne klede og tilhøyrande utstyr
Du lærer korleis arbeide med enkel mønsterkonstruksjon, slik at du kan designe og sy dine eigne klede. Du vil lære om ulike tekstile materialar og korleis bruka ei symaskin. I ei tid med høg bruk og kast mentalitet formidlar vi verdifull kunnskap om korleis sy nytt av gamalt og korleis du går fram for å reparere eigne klede.
Grip sjansen å designe vesker, smykke, skjerf, hattar, vottar, sko og mykje anna!
-Toving/filting
Her kan vi lage alt frå tøflar til hattar, vesker, klede, sjal og skulpturar i ull.
-Strikking/hekling
Du vil lære grunnleggjande teknikkar sik at du kan blant anna strikke eller hekle deg lue, panneband, vottar, skjerf og strømper.
Stofftrykk
Vi vil trykke mønster på klede, t-skjorter, eller lage tekstilbilete, putetrekk og liknande.
Teknikkar innan keramikk:
-Byggeteknikkar
Ved bruk av pølseteknikk og plateteknikk kan du bygge alt frå store krukker til boksar, vasar, fat og mykje meir.
-Skulptur og relieffer Du vil lære ulike teknikkar for å bygge skulpturar.
-Dreiing
Lærer du å dreie, kan du lage alt frå koppar, skåler, tekanner, fat og liknande.
-Dekorering- begitning og glasurar
Du lærer å glasere, bruke begitning, oksider og andre fine dekoreringseffektar.
-Primitive brenneteknikkar
Vi prøver oss på blant anna rakubrenning og sagmuggsbrennande pitovn.
I tillegg til desse materialområda vert det sjanse til å læra enkle tradisjonelle teknikkar innafor trearbeid, som utskjering, sveiping og knivlaging.
Studietur
Vi vil helsa på lokale utøvarar av ulike kunstartar. Besøkja galleri, museum og utstillingar. Det vert ei vekes studietur til utlandet. Kvar turen går, vi vil avgjere saman med elevane.