Speninnga i elva - Utsikten frå fjelltoppen - Roen rundt bålet
Buldring, ski og elvepadling er for mange ein livstil, ein leik dei fortsett med gjennom livet. Ynskjer du å finne ei kjelde til stadig nye opplevingar, utfordring og mestring?
Ski og Elv er linja for deg om vil «utfordre komfortsonen», «ta utfordringar» og bli rikare på erfaringar.
Voss er den perfekte staden for denne linja. På Ekstremsportveko sin store arena vil vi finne utfordringar for både kropp og psyke. Gjennom sesongen valfartar folk frå heile verda til Voss for å drive elvepadling.Voss er også veldig kjent for sine vinteraktivitetar, mange OL- og VM-heltar kjem frå Voss. På dei siste 45 åra har 87 VM og OL medaljar havna på Voss. Naturen på og kring Voss er både utfordrande og vakker, og som elev på linja kan du nyta den eit heilt år. Som medarbeidarar på Vinterveko vil vi oppleve festivalarbeid- og festivalmorro. Du vil få kunnskap om korleis få meir ut av dagane gjennom aktivitet i naturlege element, godt kosthald og spannande leik.
Eit år der vi gjer kvardagen om til eit eventyr!


Søkjere til linja kan vera heilt uerfarne i alle aktiviteter bortsett frå skikøyring. Der vil det krevast ein viss kompetanse då det blir mest køyring utanfor preparete løyper.
Hvis du elles lurer på noko, kontakt linjelærar: 97 52 09 82 eller send ein e-post: atvilde@gmail.com
Her kan du sjå ein bildeserie frå skuleåret 2009/10.
Linja er berre ein del av det du får ved å velge eit år på Voss Folkehøgskule. Les også desse sidene for å få eit heilt bilde av året: Heilskapsskulen. Timeplan. Valfag. Fellsefag. Internatliv.
Her finn du søknadskjema.