Fellesfag

I gjennomsnitt er 1,5 dagar i veka sett av til fellesfag. Fellesfaga skaper samhald og felles forståing. Her kan vi ta opp erfaringar, utfordringar og løysingar.

På Voss fhs får du fleire fellesskap å høyre heime i. Først og fremst linja di, men du bur også på ein av dei seks internat-avdelingane, eller "gangane". Gangane jobbar saman og lagar til dømes underhaldning på elevkveldane for dei andre elevane. Kvar gang har også ein gangtimeein time i veka som vert leia av ein lærar. Her handlar det om å få livet på internatet til å gå så godt og knirkefritt som råd er. Når vi bur tett på kvarandre, må vi lage, forstå og respektere avtalar for at alle skal trivast.

Fellesfaga knyter skulen saman på tvers av linjer: 

Morgonsamling kvar morgonnokre kloke ord, song og praktisk info for dagen 

- Kvar tirsdag har vi Miniseminar. Ofte er det eksterne føredragshaldarar som inspirerer, eller ein av lærarane som brenn for ei sak. 

Laurdagstema. Det kan vere eit tema eller ein dagsaktivitet med eigne eller innleigde resurspersonar.