Ski og Elv – eit år i balanse
Speninnga i elva - Utsikten frå fjelltoppen - Roen rundt bålet
Buldring, ski og elvepadling er for mange ein livstil, ein leik dei fortsett med gjennom livet. Ynskjer du å finne ei kjelde til stadig nye opplevingar, utfordring og mestring?
Ski og Elv er linja for deg om vil «utfordre komfortsonen», «ta utfordringar» og bli rikare på erfaringar.
Voss er den perfekte staden for denne linja. På Ekstremsportveko sin store arena vil vi finne utfordringar for både kropp og psyke. Gjennom sesongen valfartar folk frå heile verda til Voss for å drive elvepadling.Voss er også veldig kjent for sine vinteraktivitetar, mange OL- og VM-heltar kjem frå Voss. På dei siste 45 åra har 87 VM og OL medaljar havna på Voss. Naturen på og kring Voss er både utfordrande og vakker, og som elev på linja kan du nyta den eit heilt år. Som medarbeidarar på Vinterveko vil vi oppleve festivalarbeid- og festivalmorro. Du vil få kunnskap om korleis få meir ut av dagane gjennom aktivitet i naturlege element, godt kosthald og spannande leik.
Eit år der vi gjer kvardagen om til eit eventyr!


Søkjere til linja kan vera heilt uerfarne i alle aktiviteter bortsett frå skikøyring. Der vil det krevast ein viss kompetanse då det blir mest køyring utanfor preparete løyper.
Hvis du elles lurer på noko, kontakt linjelærar: 97 52 09 82 eller send ein e-post: atvilde@gmail.com
Her kan du sjå ein bildeserie frå skuleåret 2009/10.
Linja er berre ein del av det du får ved å velge eit år på Voss Folkehøgskule. Les også desse sidene for å få eit heilt bilde av året: Heilskapsskulen. Timeplan. Valfag. Fellsefag. Internatliv.
Her finn du søknadskjema.
Les meir...
Elev skuleåret 2010/2011?
Voss Folkehøgskule tilbyr linjene Ski og elv, Idrett og friluftsliv, Kunst, handverk og design, Film og foto, Data og Internett og Musikk.
Vi har fortsatt ledige plassar for neste skuleår. Data og internett og Film og foto er full. Ski og elv, Kunst, handverk og design, Musikk og Idrett og friluftsliv har ca 5 ledige elevplassar kvar. Vi får stadig inn nye søknader så det kan lønna seg å søka så raskt som mulig.Skal du byrja hos oss neste skulår? då vil du motta eit brev med informasjon om blandt ana skulen så snart vi får inn stadfestinga frå deg. Viss du ikkje får brevet er det fint om du tek kontakt på: inspektor@voss.fhs.no.
Sjå
bilder av skulen frå google maps. Trykk på pilene på den kvite linja for å bevege deg langs veien gjennom tunet. Skift synsvinkel med musepekeren eller pilene i sirkelen øverst til venstre i bilde.
Her kan du lesa artiklar frå livet på skulen. Nyheter.
Les meir...
Vi har fått ny rektor!
Voss Folkehøgskule har tilsett Lasse Sandberg i stillinga som rektor frå august 2010. Lasse arbeider i dag som rektor ved ein annan folkehøgskule. Han er utdanna innanfor musikk og pedagogikk. Han har brei ledererfaring både frå organisasjonsliv og arbeidsliv. Vi er svært glade for å ha Lasse med på laget frå neste skuleår. Lasse skriv sjølv at han gleder seg til å ta fatt i utfordringane på vakre Voss. Han ser fram til å bli kjent med skulen, alle som arbeider der, og kultur- og sports-bygda som eksponerer seg i spennet mellom gammel og ny kultur.
Les meir...