
Voss Folkehøgskule har eit tilbod til alle som likar å gjera ting med nevane. Dagtidstilbodet er spesielt retta inn mot trefaga. Sløyden er godt utrusta med 20 benkar, maskinrom, handverktøy, tekjøkken og langbord. Lærarane har røynsle innan tradisjonelle teknikkar, og mykje av arbeidet vil ta utgangspunkt i dette.

Tradisjonar
Voss er rik på tradisjonar innan ,mat, handverk, kultur og anna. Med utgangspunkt i eigne og andre sine erfaringar har vi tema kring dette. Dei seinere åra har vi dreve med grindbygging, bakst, smalahovesviing, fiskeforedling, museumsbesøk, m.m.

Ulike teknikkar
Her er ei liste over tema og teknikkar vi kan tilby innan trefaga:
Lagging, sveiping, utholing, ulike samanføyingar, tredreiing, verktøylære, overflatebehandling, dekorteknikkar som karveskurd, kolrosing og akantus.
Treng du hjelp i arbeidet får du det like ofte frå medelevar som frå lærarane.
Langbordet
Kvar morgon er det samling rundt langbordet. Aktuelle tema vert lufta og vi legg planar for dagen. Vi fortel gode historier og har høgtlesing frå ulike deler av den norske kulturskatten. Latteren ligger på lur. Vi har eit triveleg og inkluderande miljø. Dei fleste av elevane er godt vaksne og nyttar tilbodet til å ha ei aktiv pensjonistkvardag.
Undervisninga
Mandag – torsdag 0900 – 1400
Fredag 0900 – 1300
Vi har også tilbod om halvt års kurs, og eit tilbod om å gå annakvar veke.
Skuleåret fylgjer folkehøgskulen sin skulerute med oppstart i slutten av august, og avslutning i byrjinga av mai.
Forkunnskaper
Du treng ingen forkunnskaper i trefaga. Dei fleste elevane vi har nå har kommet hit uten å ha hatt tresløyd sidan skuledagane. Det du treng er ei open innstilling og litt pågangsmot.
Kostnader
Kvar elev betalar skulepenger som går til forbruksmateriell og drift. For tiden kostar eit år kr 9200(4900kr for halv plass). Materialkostnader til det ein produserar kjem i tillegg og vil variera.
Fortsatt enkelte ledige plassar
Kan du tenkje deg å vere dagtidselev eller lurer du på noko?
Ring Voss Folkehøgskule (tlf. 56 52 90 40)
eller send en epost til admin@voss.fhs.no



