Idrett & friluftsliv

Idrett & friluftsliv er linja for deg som:

 

  • liker ein aktiv kvardag
  • er glad i ballspel
  • er nysgjerrig på å utforske nye idrettar
  • ønskjer å utvikle skiferdigheitene enten på telemarksski eller i alpint
  • ønskjer mange netter i telt, snøhole eller iglo
  • ønskjer å utfordre deg sjølv i vill vestlandsnatur

 

 

IFPå Idrett & friluftsliv lærer du:

  • alpint eller telemarkskøyring gjennom to månaders øving
  • å utvikle deg i ulike ballspel: handball, volleyball, sandvolleyball, badminton og tennis
  • friidrett, symjing, turn og dans
  • om fjellfriluftsliv til ulike årstider: kart og kompass, snøholegraving, fjellskigåing, skredvurdering, iglobygging og overnatting under open himmel …
  • Kystfriluftsliv med segling, navigering, roing, fisking og matlaging

 

Ski Voss Resort foto Benjamin Hjort

Året på Idrett og friluftsliv gir deg eit mangfald av aktivitetar. Ski, fjellturar, sykkelturar, volleyball, fotball, segling, fiske, dykking, overnatting ute, skredvurdering, kart og kompass er berre noko av det du får oppleve. Innanfor friluftslivet ønskjer vi å oppsøke urørt natur og gi deg gode naturopplevingar saman med andre. «Eit rikt liv med enkle middel» gir meining for oss. Idrett og friluftsliv er ei av dei eldste linjene i folkehøgskulen som kombinerer idrett og friluftsliv. Kanskje ikkje så rart; Voss er ein perfekt stad for ei slik linje. Her er det eit aktivt idrettsmiljø, flotte idrettsfasilitetar, ei idrettsbygd som har store idrettsarrangement kvart år. Voss har òg eit av dei beste skianlegga i Nord-Europa, og ein dramatisk vestlandsnatur.

 

 

På Idrett & friluftsliv opplever du:
  • nærøyfjorden croppa
    • ei veke i fjellområdet kring Nærøyfjorden (området står på Unescos verdsarvsliste), med bretur
    • ei veke i Solund, ytst i Sognefjorden, «der ingen skulle tru …», med urørt kystlandskap, tradisjonsbåtar og mat frå havet
    • Rallarvegen, Noregs mest kjente sykkeltur
    • fottur i AurlandsdalenSandvolletball lanzarote
    • idrettsveke på Club La Santa, Lanzarote, med windsurfing, surfing, symjing, basketball, friidrett, saltimar og tennis
    • to månaders skikurs i eit av Nord-Europas beste skianlegg
    • ei veke ved stølen (frå 1800-talet), som ligg ved Uppsete (ved Bergensbanen), der vi trener på vinterfriluftsliv
    • ei veke i høgfjellet med flotte fjelltoppar og utsyn mot Sognefjorden
    • ei linje med sterkt samhald

Kommentarer er stengt.