Felles aktivitetar

Skulen legg vekt på eit høgt aktivitetsnivå. Du har gode sjansar til arbeid og engasjement ut over den timeplanfesta undervisninga.

Nokre aktivitetar er fastsett på førehand: elevkveldar, peisestovekveldar, kino, grautfest, huskonsertar, filmkveldar, idrettsråd etc.

Andre aktivitetar på kveldstid kjem ut ifrå initiativ og interesser, t.d. elevstyrte valfag, ulike treningar, bingokveldar, strikkeklubb og brettspelkveld

I tillegg til ein aktiv lærarstab som legg ned mykje arbeid utover organisert undervisningstid, har skulen miljøarbeidarar (andreårselevar) som legg opp aktivitetar på ettermiddag og kveldstid.

elevkveldElevkveldar og peisestovekveldar er arrangement som ei gruppe elevar lagar til for resten av skulen. Ein lærar er hovudansvarleg for elevkveldane. Dei andre arrangementa er ei elevgruppe ansvarleg for sjølv, ev. i samarbeid med miljøarbeidarane. Kveldane inneheld underhaldningsinnslag, bevertning, felles leikar, konkurransar og dans.

 

Kommentarer er stengt.