Fellesfag

Fellesfaga ved Voss Folkehøgskule er viktige, dei skaper samhald, felles forståing, og kan ta opp utfordringar og erfaringar.

 

Naturleg bevegelse

Ein time fire dagar i veka har vi naturleg bevegelse. Då er det nokre lærarstyrte aktivitetar, som yoga, isbading, styrketrening, volleyball, fotball, joggetur og mykje meir, og elevane får òg mulegheit til å organisere eigne aktivitetar. Målet for timane er at alle skal vere i aktivitet/bevegelse ein time kvar dag.

 

Morgonsamling

Gjennom eit ord for dagen får elevar og lærarar presentere tema dei interesserer seg for. Vi tar ein morgonstrekk, og du får òg meldingar som gjeld resten av dagen.

 

Forum

Mindre grupper. Vi diskuterer aktuelle tema og problemstillingar i livet.

 

Storkor

Alle er med. Vi syng eit variert repertoar og opptrer på ulike arrangement på skulen og andre stader på Voss. Elevane er delt inn i ulike stemmegrupper.

 

Hustime / Rektors time

Vi presenterer og diskuterer ulike tema knytt til skulekvardagen. Rektor tek opp tema som har med skulen og samfunnet å gjere, tema rektor har på hjartet.

 

Gangtime

Kvar internatgang har sin eigen leiar og sin representant i elevrådet. Vi tek opp aktuelle tema og prosjekt, blant anna elevkveldar og underhaldning som gangane står for etter tur. Tema som skal vidare til elevrådet, blir òg tekne opp her.

 

Seminar

Dei fleste laurdagar legg lærarane eller eksterne personar opp til seminar med ulike tema.

Kommentarer er stengt.