Året på Voss vart eit ”lære for livet”-år,
eit av mine beste!
- Odd Nordstoga, tidlegare elev
Valfag
Voss har varierte valfag, ca 30 totalt. Her kan du prøve noko heilt nytt, eller fordjupe deg i ting du alt har interesse for. Heile fredag er sett av til valfag - tid til å fordjupe seg! I tillegg har me valfag før lunsj på tysdagar. Du vel 2 - 4 valfag for eitt semester av gangen.

Voss har varierte tilbud; fleire ulike linjer, 120 elevar og dyktige lærarar! Kreative linjer, musikk og frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig breidde og eit inkluderande miljø gjev ein unik miks av ungdom og vaksne. Me held til i sentrum av aktivitets- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.

Hos Voss folkehøgskule finn du eit breitt spekter av linjer og aktivitetar, som skaper eit allsidig og inkluderande miljø.
Voss folkehøgskule er ein frilynt skule der fellesskap og trivsel står i sentrum. Vi legg til rette for at du kan vekse, lære og skape minner for livet. Bli med på reisa – her startar eventyret!

Skulen er i særstilling med sitt nærmiljø, midt i hjartet for ekstremsport i Noreg. Voss har verdas største ekstremsportfestival, Ekstremsportveko og ein stor jazzfestival Vossa Jazz, 1km frå skulen til gondol som fraktar til fjells, gir unike moglegheiter for tallause ski-, friluftslivs- og luftsportsopplevingar.